Overbioingeniør blodbank – LMBB, seksjon FSS, Helse Førde

Health and social care Bioingeniør

(2 days ago)

  • FØRDE
  •  Post Date: 15. December 2024
  •  Expire date: 26. January 2025
Job Description

Published 15-12-2024
Deadline: 26-01-2025

 

Overbioingeniør blodbank

Bli med på laget på LMBB – din sjanse til å kombinere fagleg utvikling med spektakulær vestlandsnatur! Vi har ledig 100% stilling som overbioingeniør i blodbanken. 

Er du bioingeniør og klar for nye utfordringar? Hos oss på Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) i Førde, får du moglegheit til å jobbe med moderne analysemetodar i eit dynamisk og sosialt arbeidsmiljø. Blodbanken i Helse Førde er organisert i fellesavdeling med medisinsk biokjemi. Det er ei avdeling på tvers av sjukehusa i Førde, Lærdal og Nordfjordeid. I tillegg er der ein tappestasjon i Florø.

🌟 Her får du:

  • Tett samarbeid med erfarne kollegaer i eit team på ca. 35 dedikerte medarbeidarar (bioingeniørar, helsesekretærar, legar og sjukepleiarar)
  • Opplæring og overlapping frå dagens overbioingeniør som tenkjer å pensjonere seg i løpet av hausten 2025.
  • Drifte blodbanken i Førde og tappestasjonen i Florø saman med dyktige kollegaer

🌍 Førde – din nye by:

  • Ein sjarmerande by med rikt kulturtilbod, butikkar, restaurantar og arrangementer
  • Fantastisk tilgang til naturen: toppturar, skianlegg, båtliv og fiskemuligheter rett utanfor døra
  • Sentralt plassert mellom Ålesund og Bergen. Oslo er berre ein kort flytur unna.

🎉 Sosialt miljø:

  • Vi trur på balanse mellom arbeid og fritid! Bli med på buldring, jogging, quiz, kampsport og andre kjekke og sosiale aktivitetar saman med kollegaer.

Arbeidstida er i hovedsak dagtid mandag til fredag med helgearbeid ca kvar 4 helg. 

Er du klar for å ta steget? 
Ta kontakt for spørsmål om stillinga, og bli ein del av vårt team! Startdato 01.05.25 eller etter avtale. .Vi gledar oss til å bli kjent med deg!

Sjå video for å bli kjent med oss i LMBB.

Arbeidsoppgåver

  • Har i samarbeid med avdelingssjef / kvalitetsleiar ansvar for at drifta er i samsvar med kvalitetsstyringssystemet
  • Har i samarbeid med seksjonsleiar ansvar for innkjøp / årsleveringar av reagens og eingongsutstyr i samsvar med Helse Førde sine innkjøpsavtalEr og delegasjonsfullmakter
  • Ha oversikt og sikre beredskap av blodkomponentar og blodprodukt i sjukehuset
  • Har driftsansvar for blodbanken i Førde og tappestasjonen i Florø
  • Følgje opp HMS-arbeidet ved lokal blodbankeining
  • Prosedyregodkjenning
  • Halde seg fagleg oppdatert innafor fagområdet, og delta på møte og relevante kurs
  • Støtte leiarar og fagleiarar i kvalitets- og forbetringsarbeid
  • Opplæring og undervisning, tilrettelegge for studentar som skal ha praksis
  • Delta i rutinearbeid

Kvalifikasjonar

  • Autorisert bioingeniør
  • Erfaring innan transfusjonsmedisin er ein fordel 
  • Gode IT-kunnskaper
  • Kunne uttrykke seg godt på norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsfull, nøyaktig og strukturert
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Interesse for kontinuerleg forbetringsarbeid
  • Evne til samarbeid og leiing
  • Engasjert og målretta
  • Må trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Høve til opplæring og kompetanseutvikling
  • Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Sjukehuset kan bidra med å skaffe bustad

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 92 87

Arbeidssted

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 4891369299
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver LMBB, seksjon FSS, Helse Førde orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Webside https://www.helse-forde.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Bioingeniør
Sted FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/fa34ca59-3e0b-437b-adb1-8b734ab1aeff
IMPORTAPI