Osterøytunet  søkjer etter ferievikarar – Osterøy kommune

Utdanning Grunnskole

(1 month ago)

Job Description

Published 01-04-2025
Deadline: 30-05-2025

Osterøytunet  søkjer etter ferievikarar

Om stillinga

Me treng sommarvikarar på Osterøytunet som ynskjer å bidra til gode dagar for bebuarane våre. Osterøytunet er kommunen sin sjukeheim og ligg på Hauge. Sjukeheimen har 65 plassar fordelt på to avdelingar,der kvar avdeling har 3-4 grupper. Gruppene har 9-10 bebuarar. Me har eige kjøkken og eigen lege. Det er behov for vikarar på alle avdelingane våre, inkludert nattenesta. Arbeidstid varierar ut frå gruppe/avdeling. 1.og 2.etasje har turnus med seinvakter, tidligvakter eller langvakter på 14 timar med arbeid inntil annakvar helg. Nattenesta har kun nattevakter. 

Me ønskjer også søknader frå studentar innan sjukepleie og vernepleie, då dette er ei god moglegheit for relevant arbeidserfaring!

Kven søkjer vi etter?

Vi søkjer etter deg som trives i lag med eldre, har eit godt humør og ei positiv innstilling !

Du

  • er punktleg og tar ansvar, jobbar sjølvstendig og samtidig har gode samarbeidsevne.  
  • du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evnar å opprette god relasjon til både pasientar, deira pårørande og dine kollegaer.
  • er påliteleg og lojal mot felles beslutningar 
  • spør når du er usikker på noko
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • har gode datakunnskapar                                                                                                                                                                                          

Høyres dette ut som deg – eller kanskje nokon du kjenner? Ikkje nøl med å ta kontakt med oss! 

Vi tilbyr deg

  • God opplæring

  • Ein spanande og gjevande sommarjobb

  • Du får samarbeide med fagleg dyktige og engasjerte kollegaer

  • Eit godt arbeidsmiljø med god blanding av fagleg kunnskap, humor og hjertevarme

  • Lønn etter gjeldande tariffavtale, avhengig av godkjent utdanning og ansiennitet

Arbeidsoppgåver

  • Bistand og rettleiing ut frå brukar sine behov til blant anna personleg hygiene, daglege gjeremål, aktivitet, tilbereding av måltid
  • Praktisk arbeid i gruppa

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeidarar eller dei som er under relevant utdanning vert prioritert, men andre kan også søkje.
  • Det er ynskjeleg med relevant erfaring, men er ikkje eit krav.
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skritfleg og muntleg gjennom bestått B2 test i norsk.

Anna informasjon

  • Du som søkjer må helst være over 18 år. 
  • Det er påkrevd med gyldig politiattest ved tiltreding.
  • Me tek fortløpande kontakt med kandidatar frå omlag 1.mars, og avtalar gjennomføring av intervju og evt. tilsetjing
  • Søkjarar som kan jobba samanhengjande i 4 veker eller meir i perioden veke 26- 34 vil verta prioritert

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ei meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted VALESTRANDSFOSSEN (Adresse: Osterøytunet 3 Postnr: 5281)
Stillingstype Sesong Deltid Antall stillinger: 20
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-05-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/90391cc7-4c5a-4895-aa84-bdeeb6270350
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/278528

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31