Job Description

Published 05-11-2024
Deadline: 25-11-2024

 

Osterøy kommune søkjer veterinær til deltaking i vaktordning for produksjonsdyr

Om stillinga

Ønskjer du jobb i vakre omgjevnader med fjell, skog og gode turmoglegheiter? Då er dette staden for deg. Osterøy ligg berre ein kort avstand frå Bergen, med både ferjesamband til Åsane og bru til Arna. Dette er ein aktiv landbrukskommune med både kyr, sauer, hestar og noko gris.

Veterinærane går 3-delt vakt i Bergen nord vaktdistrikt (Osterøy, Arna og Åsane). Ei av vaktdeltakarane sluttar ved månadsskiftet januar/februar 2025, og vi søkjer ny vaktdeltakar. Vi er tre veterinærar som betener ei 4-delt vakt. Etter avtale med kommunen vert veterinærane kompensert 100 % for ekstravaktene.

Vi har eit sett med utstyr som kan lånast ved behov.

Kvalifikasjonar

  • God skriftleg og munnleg norsk
  • Førarkort klasse B
  • Bestått insemineringskurs
  • Disponerer eigen bil
  • Ante mortem-kurs (nødslaktarkurs)

Ta kontakt for meir informasjon

Tore Johan Erstad, Leiar Teknisk forvaltning og plan, tlf 402 86 556

Ida Nøst, kommuneveterinær, tlf 465 06 938

Bjørn Hallan, kommuneveterinær, tlf 454 35 650

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Osterøy kommune orgnr: 975319008
Kort om arbeidsgiver

Osterøy kommune – Nær byen, nær naturen. Osterøy, ei av Nord-Europas største innlandsøyer, eit levande lokalsamfunn med allsidig næringsliv, godt utbygd servicetilbod og vakkert landskap. Folketalet er på om lag 8 000 innbyggjarar og det er både bru- og ferjesamband til nabokommunen Bergen. Frå Lonevåg sentrum, kommunesenteret vårt, tar køyreturen til Bergen om lag 45 minutt, til Åsane tar det om lag 30 minutt og til Arna kjem du på om lag 20 minutt. I tillegg til Lonevåg har ein og Valestrand, Haus, Fotlandsvåg og Bruvik som større bygder/tettstadar.  

Osterøy har ein allsidig og livskraftig småindustri innan mekanisk, møbel, tekstil og næringsmiddelindustri. Fiskeoppdrett/-foredling er og ei viktig næring. Landbruk sysselset om lag 300 personar og tømraryrket står framleis høgt i kurs her på Osterøy. 

I Osterøy skal det vere godt å bu både for unge og eldre. Kommunen har eit rikt kulturliv, ulike idrettsaktivitetar, godt utbygd skule- og barnehagetilbod og gode helse- og sosiale tenester.  

Bli med på laget i Osterøy kommune! Me ønskjer oss stadig fleire kompetente og engasjerte medarbeidarar. Me ser fram til å ta godt i mot deg og gje deg ein meiningsfull arbeidskvardag.  

Webside https://www.osteroy.kommune.no/
Bransje Natur og miljø
Yrke Veterinærer og dyrepleiere
Sted LONEVÅG (Adresse: Geitaryggen 8 Postnr: 5282)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 25-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1525c7a8-4044-41fa-8885-55168c2e24f8
IMPORTAPI
https://www.jobbnorge.no/ledige-stillinger/stilling/270067