Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 08-12-2024

 

Oppmålingsingeniør – 100 % fast stilling

Vang kommune har ledig 100 % fast stilling som oppmålingsingeniør. Stillinga omfattar fagområda eigedomsoppmåling, matrikkelføring, oppretting
og endring av eigedom, seksjonering og kartforvaltning/GIS. Oppmålingsingeniør
sine oppgåver er viktige for etaten, der det òg blir behandla plansaker,
byggesaker, konsesjonssaker m.v.

Stillinga krev mykje sjølvstendig arbeid. I tillegg inneber stillinga samarbeid med dei
andre fagområda i etaten. Oppfølging av grunneigarar og tiltakshaverar er og ein
viktig del av jobben.

Arbeidsoppgåver kan i nokon grad tilpassast søker sin kompetanse og praksis.

Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling og rettleiing, mellom anna;
    • matrikkelsaker
    • adressetildeling
    • seksjonering
    • matrikkelforbetring/kvalitetsforbetring
    • klagesaksbehandling
    • delingssaker
  • Oppmålingsforretningar, mellom anna;
    • frådelingar og løyve
    • forretning over eksisterande eigedom
    • grensejusteringar
    • matrikkelføring
  • Rådgiving og støtte for matrikkel og kart
  • Bistå ved, og kvalitetssikre kommunale grunnerverv og -sal

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-5 årig utdanning frå høgskule/universitet. Anna relevant utdanning/erfaring kan vurderast
  • Kunnskap om matrikkelloven og anna relevant lovgivning/regelverk er ein fordel
  • Kompetanse på bruk av ulike IKT-system, spesielt GIS er ein fordel
  • Erfaring i bruk av oppmålingsverktøy er ynskeleg
  • Godkjent matrikkelførerkurs er ynskeleg 
  • Landmålarbrev eller kompetanse som kvalifiserer til landmålerbrev er ynskeleg
  • Erfaring frå kommunal forvaltning er ein fordel
  • Førarkort for personbil og bør disponera eigen bil
  • Personlege eignaheit vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar

  • Fagleg engasjert, sjølvstendig og liker ein hektisk arbeidskvardag
  • Opptatt av å levere tenester av høg kvalitet
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
  • God framstillingsevne munnleg og skriftleg og gode norskkunnskapar
  • Serviceinnstilt 

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og givande jobb
  • Variert arbeid i eit positivt miljø 
  • Tverrfaglig miljø og gode interkommunale nettverksgrupper
  • Løn etter kvalifikasjonar og etter kommunens regulativ
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid

Kontaktinformasjon

Ingeborg Lunde, Kommunalsjef Landbruk og teknisk, 99230305, ingeborg.lunde@vang.kommune.no

Arbeidssted

Tyinvegen 5161
2975 VANG I VALDRES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 4882936424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Vang Kommune, Landbruk og teknisk orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima“, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres. Kontakt gjerne Innovangsjon direkte om du tenker på å flytte til Vang!
  • Meir info om arbeids – og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er opptatt av mangfold og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

 
Webside http://www.vang.kommune.no/tenester/landbruk-og-teknisk/
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Arealplanlegging og arkitektur
Sted VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5161 Postnr: 2975)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 08-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/615fce19-f60b-48c2-9903-73b4d291e482
IMPORTAPI