Open søknad – tilkallingsvikar i skule, SFO og barnehage – OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(5 måneder ago)
Job Description
Published 01-07-2024
Deadline: 31-12-2024
Open søknad – tilkallingsvikar i skule, SFO og barnehage
Skulane og barnehagane i heile Stad kommune ønskjer fleire tilkallingsvikarar og vikarar for korte periodar. Dersom du ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar i skule, SFO eller barnehage i kommunen er du velkomen til å søkje.
Skriv gjerne i søknaden kvar du helst vil jobbe eller skriv at alle tenester kan vere av interesse, så vil vi ta kontakt med deg dersom du er aktuell.
Meir informasjon om skulane og barnehagane finn du på nettstaden www.stad.kommune.no
Merk at du likevel må søkje på direkte utlyste faste stillingar, langvarige vikariat og ferievikariat. Denne utlysninga gjeld kun tilkalling og korte vikariat.
Arbeidsoppgåver
- Vikararbeid i skule, SFO og barnehage i Stad kommune
Kvalifikasjonar
- Alle som ønskjer det kan registrere open søknad for vikararbeid i skule og barnehage i Stad kommune
- Du er gjerne i eit relevant studieløp
- Alle som arbeider i skule, SFO og barnehage må framvise gyldig politiattest
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter deg som samhandlar godt med både barn, foreldre og personalet
- Du må vere ein god, trygg og tydeleg vaksen for barna
- Du likar å jobbe med barn, skape trygge og gode dagar for barna
Vi tilbyr
- Ekstraarbeid, tilkallingsavtaler og kortvarige vikariat
- Løn etter tariff. Du skriv timeliste.
Dersom du er ferdig utdanna og søkjer fast arbeid ber vi om at følger med på utlyste stillingar og legg inn ein søknad!
Det er fint om du sjølv trekk søknaden din i webcruiter når du ikkje lenger er aktuell for vikararbeid.
Kontaktinformasjon
Ida Elisabeth Sjåstad, spesialkonsulent, 98644156, ida.sjastad@stad.kommune.no
Arbeidsstad
Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4835425989
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 31.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | OPPVEKST OG OPPLÆRING, Stad kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! https://www.nordfjord.no/stad https://www.einstadistad.no/ |
Webside | http://www.stad.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Postnr: 6770) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 10 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 31-12-2024 |