Open søknad oppvekst og kultur – Stryn Kommune

Education Ledere av undervisning og utdanning

(3 måneder ago)

  • STRYN
  •  Post Date: 2. July 2024
  •  Expire date: 30. June 2025
Job Description

Published 02-07-2024
Deadline: 30-06-2025

 

Open søknad oppvekst og kultur

Open søknad oppvekst og kultur 

Dette er ei opa utlysing for deg som er interessert i jobb innan oppvekst og kultur, hovedsakleg vikariat innan barnehage og skule i Stryn kommune. Ved å registrere deg her, er kommunen klar over di interesse for å kunne utføre relevant arbeid for Stryn kommune gjennom skule- og barnehageåret 2024/25.  
Søknaden blir registrert og du vil bli kontakta dersom det oppstår vikarbehov som du er aktuell for. Skriv gjerne i søknaden om det kun er bestemte arbeidsplasser du kan eller er interessert i eller om det er bestemte periodar du er ledig for å vere vikar. 

Om du er interessert i utlyste stillingar, må du i tillegg søke på desse.

Arbeidsoppgåver

Det gjeld i hovudsak arbeid innan skule og barnehage i Stryn kommune. 

Kvalifikasjonar

Alle som ynskjer kan søke på open søknad som gjeld arbeid i etaten. Søknaden vert registrert og søkjar vert kontakta dersom vedkomande er aktuell. 

Personlege eigenskapar

Positiv 

Gode samarbeidsevner

Påliteleg og pliktoppfyllande

Evne til å lære seg nye oppgåver

Vi tilbyr

Ekstra arbeid, tilkallingsavtalar eller kortare vikariat

Kontaktinformasjon

Anne-Siv Jevnehagen, HR-avdeling, +47 959 36 952

Arbeidsstad

Tonningsgata 4
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 4835966493
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stryn Kommune orgnr: 987761806
Kort om arbeidsgiver

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Webside http://stryn.kommune.no/
Bransje Utdanning
Yrke Ledere av undervisning og utdanning
Sted STRYN (Adresse: Tonningsgata 4 Postnr: 6783)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 30-06-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4f5060a1-b6d5-426c-b5ad-bae95b8822d0
IMPORTAPI