Job Description

Published 07-01-2025
Deadline: 29-01-2025

 

Ønskjer du deg ei helgestilling ved Hjelmeland omsorgssenter?

Me har ledige faste helgestillingar i ca. 14 %  i heimetenesta og korttidsavdelingen ved Hjelmeland omsorgssenter med tiltreding snarast. Søknader blir behandla fortløpande.

Me søkjer deg som er interessert i helgearbeid, kanskje du vil kombinera helgestilling med studiar, eller har lyst å prøva deg i omsorgsyrke? Som tilsett i helgestilling hjå oss får du eit meiningsfullt arbeid samtidig som du opparbeidar deg verdifull arbeidspraksis. Du vil få god opplæring av erfarne og dyktige kollegaer.

Omsorgssenteret består av korttidsavdeling med 8 plassar og heimetenesten. Korttidsavdelingen har stort mangfald i pasientgruppa, komplekse og spennande utfordringar som me jobbar tverrfagleg med. Heimetenesta betener 26 omsorgsbustader og heimebuande. Senteret ligg sentralt på Hjelmeland med flott natur og fine turområder rundt. Hjå oss vil du få ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar.

Me søkjer etter ein person som
– har lyst å jobba med eldre mennesker
– er fleksibel og løysningsorientert
– er lærevillig
– er god på samarbeid
– møter andre på ein respektfull og open måte
– er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid

Arbeidsoppgåver
– delta i stell, pleie og daglege gjeremål
– observasjonar og dokumenatsjon
– ivareta brukarane sine individuelle behov

Kvalifikasjonar
– autorisasjon som helsefagarbeidar evt. anna helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men andre kan også søkje
– sjukepleiarstudentar vil bli prioritert
– bestått språkopplæring på nivå B2
– førarkort kl. B
– personlege eigenskapar vil bli vektlagde

 Me tilbyr
– godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
– løn etter gjeldande avtaleverk
– pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
– ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
– gratis barnehage 

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

 Politiattest

Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

 Elektronisk søknadsprosess

 Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

 

 

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 

 

 

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hjelmeland kommune Hjelmeland omsorgssenter orgnr:
Kort om arbeidsgiver Tenk deg ein kommune der du har fjord og båtliv utanfor døra og høgfjell og turområde berre nokre minutt unna, men samtidig når du storbyen på under timen. Tenk deg ein kommune som er ganske liten med 2600 innbyggarar, men samtidig romsleg og stor med 1092 kvadratkilometer. Tenk deg ein kommune som er så glad i barnefamiliar at me like godt tilbyr dei gratis barnehageplassar. Den kommunen er Hjelmeland naturlegvis.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/6c10f954-3e96-459c-a209-76e82af80b34

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Helsefagarbeider
Sted HJELMELAND (Adresse: Vågavegen 115 Postnr: 4130)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 29-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6d591be9-afaa-45f4-92d4-63e5bdf72c49
IMPORTAPI