Job Description

Published 28-01-2025
Deadline: 02-03-2025

Ønskjer du bruka noko av sommaren til å skaffa deg spennande praksis eller ein meiningsfull feriejobb? Då kan kanskje ferievikariat i eining for psykisk helse og rus vera noko for deg.

Vi treng ferievikarar som kan overta når våre tilsetja skal ha ferie i perioden 23.06.25-17.08.25 (veke 26 – 33). Det kan og vere aktuelt med oppstart eller opplæring før juni for dei som har høve til dette. Skriv i søknaden din kva periode som er aktuelt for deg å jobba. Vikarar som kan jobba samanhengande, helst 4 veker, og dekkja eit størst mogleg tidsrom av sommaren vil bli prioritert. Tilsetjing vil bli gjort fortløpande så vi oppmodar deg om å senda inn søknaden din snarast. 

Dersom du har bestemde ønskjer om avdeling, er det viktig at du set det opp i prioritert rekkjefølgje i søknaden, helst ønskjer. Du vil få ein meiningsfull sommarjobb med mange interessante og varierande oppgåver, og godt samarbeid med kjekke og dyktige kollegaer. Her har du ein god moglegheit for å skaffa deg spennande praksis og yrkesrøynsle.

Behovet for ferievikarar gjeld i eining for psykisk helse og rus, i avdelingane:

  • Bufellesskap psykisk helse
  • Miljø og aktivitet
  • Askviknes oppfølgingsteneste
  • Psykisk helseteam.

Vi har ulike vaktordningar som t.d. langvakter, vaken nattevakt og kvilande nattevakt. Du vil bli kontakta for samtale der slike ønskjer kan avklarast.

Til informasjon vil det kun vere aktuelle søkjarar som vil bli kontakta og kalla inn til intervju.

 

Kvalifikasjonar:

  • Som ferievikar ønskjer vi at du har helsefagleg utdanning eller er i eit helsefagleg utdanningsløp. Vi oppmodar særleg studentar innan helsefagleg utdanning å søkja.
  • Ønskjeleg med sertifikat.
  • Du er engasjert, trygg, omsorgsfull og har interesse for å jobba med menneske
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du har god norsk munnleg og skriftelg framstillingsevne
  • Dine personlege eigenskapar vil bli lagde vekt på
  • Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent

Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.

Vi kan tilby

  • Løn etter gjeldsande avtalar, studentlønnsutbetaling for relevant utdanning
  • Ekstra tillegg for arbeid på natt
  • God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Etter utgått søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

Vi ser fram til å høyre frå deg!

Link til søknadsskjema: Søk her
 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester orgnr: 994766821
Kort om arbeidsgiver Bjørnafjorden kommune har i overkant av 26 000 innbyggarar og rundt 1800 kommunalt tilsette.

Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår “Det gode liv for alle”. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!

Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted OS (Adresse: Rådhuset, Torggata 7 Postnr: 5200)
Stillingstype Sesong Deltid Antall stillinger: 10
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-03-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/aa1afcc0-c2c8-47e7-96e8-819147b52759
IMPORTAPI

Generic filters
Exact matches only
PrevNext
SuMoTuWeThFrSa
     12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31