Job Description

Published 08-09-2024
Deadline: 02-10-2024

 

Ønsker du ein spanande stilling med fokus på berekraft og rapportering?

Frå 2025 skal SKL rapportera på sine berekraftsrelaterte aktivitetar og prestasjonar på ein meir omfattande og standardisert måte. Dette omfattar miljømessige, sosiale og styringsmessige forhold, i samsvar med rekneskapslova og Corporate Sustainability Reporting Directive (CSRD).

Me set allereie berekraft høgt og søker no deg som kan bidra inn i vårt arbeid med å styrka innsamling, analysering og rapportering av data innan berekraft. Du vil i rolla arbeida tett med både berekraftsansvarleg og økonomiavdelinga som sitter med klimaregnskapet. Du vil her få være med å innarbeida gode strukturar og system samt implementera utviklingstiltak.

For oss alle i SKL handlar det om å bidra til berekraftig og lønnsam nytting av vår fornybare, reinaste og mest effektive energi, vasskrafta.

Ansvarsområde: 

  • Delta i utvikling og implementering av berekraftsstrategiar som støttar opp om SKL sine langsiktige mål.
  • Sikre etterleving av berekraftsrapportering, inkludert CSRD, i samarbeid med økonomiavdelinga.
  • Vere ein viktig del av teamet som rådgir leiarar og tilsette i spørsmål knytt til berekraft.
  • Jobbe med berekraft på tvers av avdelingar, og sikre gode rutinar og prosessar.
  • Jobbe operativt med både store og små oppgåver – frå strategisk planlegging til dagleg oppfølging av berekraftstiltak.
  • Andre tilstøytane administrative oppgåver

Ønska kompetanse: 

  • Relevant høgare utdanning innan berekraft, natur- og miljø, økonomi eller liknande
  • Fordel med erfaring frå berekraftsarbeid og -rapportering, men me oppfordrar og nyutdanna til å søka
  • Er strukturert, sjølvstendig og tek initiativ i eit komplekst fagområde
  • God til å samarbeida i team og på tvers av organisasjonen
  • Sterke kommunikasjonsevner, både munnleg og skriftleg

Me tilbyr: 

  • Å arbeida med eit fagområde som er avgjerande for ei berekraftig framtid
  • Du får arbeida i eit selskap som produserer rein energi
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein fleksibel arbeidskvardag
  • Gode løn-, pensjons- og velferdsordningar

Det vil verta utført bakgrunnssjekk i henhold til kraftberedskapsforskriften på kandidaten som vert tilbydd stillinga.
 
Arbeidsstad: Ved vårt kontor på Stord 

Nyfiken? Har du spørsmål eller ønsker ein uforpliktande samtale om stillinga? Ta kontakt med våre rekrutteringsrådgivarar i Human; Magnus Ånestad på 992 67 888 eller Edvard Thormodsæter på 958 82 299. Du kan og kontakta økonomisjef Knud Nagell Dahl på 975 56 190. 
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS orgnr:
Kort om arbeidsgiver Sunnhordland Kraftlag AS (SKL) er blant dei ti største produsentane av rein energi frå vasskraft i Norge og eig i kraftverk med samla installert effekt på 716 MW. Desse produserer årleg omlag 2 700 GWh (150 000 husstandar) i Vestland- og Rogaland fylke. Hovudkontoret er på Stord. SKL har stort fokus på vekst innan fornybar energi og har fleire vasskraftverk under bygging og planlegging. SKL deltok også i utvikling av offshore vindkraft og grøn hydrogenproduksjon.
Webside www.skl.as
Bransje Uoppgitt/ ikke identifiserbare
Yrke Ikke identifiserbare
Sted STORD (Adresse: Lønningsåsen 2 Postnr: 5417)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 02-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/519d9810-9295-48f0-90dc-0e1b7363745f
IMPORTAPI