Job Description

Published 01-10-2024
Deadline: 29-10-2024

 

Ønsker du å bidra til ein positiv kvardag for barna våre?

Me i Ølensjøen er på leit etter engasjerte fagarbeidar/assistent. Med bakgrunn i auka barnetal frå nyttår treng me fleire medarbeidarar på laget.
Er du ledig til å starte med ein gong? Ta kontakt og søk snarast, me treng vikar allerede frå oktober – intervjuer derfor kandidatar fortløpande.

Hva vi ser etter

Me veit at tida i barnehagen har stor innverkand på helse, utvikling og læring, og me har derfor forventningar til våre medarbeidarar. Kjenner du deg igjen?

Er du involvert? Engasjerer du deg, får du ting til å skje og støttar andre? Samarbeider du med andre? Snakkar du med barn på open, ærleg og tydeleg måte?

Verdset du kunnskap? Er du trygg på eigen kompetanse og erfaring? Søkjer du faglege råd og rettleiing i utfordrande situasjonar? Verdset du andre sin kunnskap og lærer du av andre?

Er du reflektert? Er du bevisst di rolle som vaksen og barnet si rolle? Evnar du å sjå deg sjølv og utfordrande kvardagssituasjonar i eit bredt perspektiv? Finn du løysingar på utfordringar?

Ja? Du er du FUS!

Me ønsker at du:

  • Har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller har anna relevant kompetanse

  • Er involvert, verdset kunnskap og er refektert (FUS)

  • Veit ar barna har noko å lære av deg som menneske

  • Likar å væra ute, leike og være på tur med barn

  • Har eit godt norsk språk

    Søkjar vil bli vurdert i forhold til personlege eigenskapar, i tillegg til kompetanse og erfaring. FUS har eit mål om å væra ein barnehage prega av mangfald – me ønsker derfor også at menn skal søkje på denne stillinga. Tilsetjinga krev godkjent politiattest med heimel i barnehagelova som må leverast før eventuell tilsetting i stillinga.

Arbeidsoppgaver

  • Ivareta barna sine behov gjennom omsorg og deltakande leik

  • Være i dialog og samtale med barn, fremme språk og læring gjennom allsidige aktivitetar

  • Reflektere og samarbeide med kollegaer og føresette

  • Væra ein positiv, tydeleg og anerkjennande vaksen

Vi tilbyr

  • Variert arbeid i eit positivt miljø

  • Godt samarbeid med andre FUS barnehagar i eit av dei største private barnehagenettverka i Norge

  • Stort fagmiljø med intern kompetanseutvikling

  • Høve til å væra med å utvikle barnehagen

  • Kokk som lagar måltider

  • Ordna tilsettingsforhold

  • Eigne FUS-klede

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Ølensjøen FUS barnehage as orgnr: 987017422
Kort om arbeidsgiver

Ølensjøen FUS barnehage ligg plassert i Ølen sentrum og er ein del av FUS-kjeden som er ein av Norges største barnehagekjeder. I FUS er kvardagen prega av glødande, tilstadeværande og engasjerte personale som gi barna ein skapande kvardag. I Ølensjøen legg me vekt på friluftsliv og naturopplevingar, med FUS-bussen kjem me oss rundt til mange spanande turmål. Det er mange språk og kulturar representert i barnegruppene, språkarbeid og mangfald står derfor sentralt i vårt arbeid.

Webside https://fus.no/olensjoen
Bransje Utdanning
Yrke Barnehage- og skolefritidsassistenter
Sted ØLEN (Adresse: Litlehagen 4 Postnr: 5580)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse 02-01-2025
Søknadsfrist 29-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/750330e1-f27c-4f56-a41c-92216c8bc9cd
Stillingsregistrering