Job Description
Published 24-03-2025
Deadline: 13-04-2025
Ona Havstuer søker kokk for sommarsesongen
Ona Havstuer søker etter kokk til sesongjobb sommaren 2025. Ona Havstuer har overnattingskapasitet til ca 30 personer og tilbyr frukost, lunsj og middag frå vår restaurant. I tillegg til våre overnattande gjester, har vi og eit stort antal besøkande på dagsturer. Vi søker erfaren kokk som har erfaring og kjennskap til norsk matkultur. Sesongen strekk seg frå ca 1.mai og til midten av september, med hovudsesong frå 1.juli til midten av august. Den rette kandidaten vil få jobbe i eit ambisiøst miljø der ein får både skape, utvikle og gjennomføre ulike konsept. Jobben er i hovudsak knytta til lunsj- og middagservering frå vår a la carte-meny. Denne stillinga er i eit team på to kokker der vår kjøkkensjef allereie er på plass. Stillinga er tilgjengeleg frå ca 15.juni og fram til ca 20.august.
Påkrevde kvalifikasjoner:
-
Erfaring fra liknande stilling
-
Kreativ og sjølvstendig
-
Kunnskap og interesse kring norske mat- og drikketradisjoner
-
Må kunne kommunisere på engelsk
Arbeidsoppgaver inkluderer bl.a.:
-
Daglig drift av kjøkken
-
Førebuing, planlegging og gjennomføring av a la carte-servering
Personlige eigenskaper
- Ansvarsfull, fleksibel, løysingsorientert og nøyaktig
Vi tilbyr:
-
100% stilling
-
Eit lite, men kreativt fagmiljø
-
Fordelaktig losji
-
Ein variert og spanande arbeidskvardag i havgapet
-
Lønn etter avtale
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Ona Havstuer orgnr: 972310964 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Ona Havstuer er ein del av Ona og Finnøy Havstuer, men driftes som sjølvstendig anlegg sommarstid. Vi er ein del av Classic Norway Hotels. Vi er opptatt av å formidle norske mat- og drikketradisjoner samtidig som vi ønsker å utvikle dei. Vi følger sesongane og produserer mat ut fra dei råvarer som er tilgjengelege til ei kvar tid. Ona Havstuer er sesongåpent fra mai til september og har fem leiligheter samt fire hotellrom til utleige hele året. |
Webside | https://onahavstuer.no |
Bransje | Reiseliv og mat |
Yrke | Kokk |
Sted | ONA (Adresse: Ona Havstuer Postnr: 6298) |
Stillingstype | Sesong Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 16-06-2025 |
Søknadsfrist | 13-04-2025 |