Økonomirådgjevar – Time kommune, Økonomi

Kontor og økonomi Bank Finacne Insurance

(17 hours ago)

  • BRYNE
  •  Post Date: 17. December 2024
  •  Expire date: 6. January 2025
Job Description

Published 17-12-2024
Deadline: 06-01-2025

 

Økonomirådgjevar

 

Time kommune har eit årleg driftsbudsjett på ca. kr 1,8 milliardar og skal investera omtrent kr 800 millionar dei neste 4 åra. Har du lyst til å vera med på å planleggja, utarbeida og følgja opp budsjetta til kommunen? Økonomiavdelinga har 1 ledig fast stilling i 100 % som økonomirådgjevar. Dersom du er interessert i økonomiske analysar, prognosearbeid og har idear eller erfaringar som kan bidra til god økonomistyring, då er du den personen me ser etter!

Oppgåvene består av utarbeiding og oppfølging av driftsbudsjettet innan eit av tenesteområda i kommunen, og dessutan nødvendig støtte og oppfølging av verksemdene innanfor dette området. Du vil også få oppgåver knytt til sentrale inntekter og utgifter i kommunen som til dømes finansforvaltning. Økonomiavdelinga har 12 medarbeidarar fordelte på oppgåver som budsjett og økonomistyring, rekneskap og anskaffingar.

Du vil jobba tett med økonomisjef, rekneskapssjef og rådgjevarane i økonomiavdelinga som saman har ansvar for kommuneøkonomien. Dette inneber utarbeiding av handlings- og økonomiplanar, årsbudsjett, finansielle strategiar, økonomiske måltal, og dessutan heilskapleg rapportering og analysar til administrativt og politisk nivå i kommunen. 

Arbeidsoppgåver

  • Utarbeiding av handlings- og økonomiplan og årsbudsjett
  • Budsjettoppfølging gjennom kontroll, analyse og prognosearbeid
  • Økonomirapportering til administrativ og politisk ledelse
  • Rådgiving til og nært samarbeid med verksemdsleiarar og kommunalsjefer
  • Vedlikehald, tilpassing og vidareutvikling av verktøy og finansieringsmodeller
  • Andre oppgåver kan leggjast til ut frå behovet til avdelinga og kompetanse og interesser til kandidaten

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare økonomisk utdanning på masternivå, eventuelt lang relevant erfaring i tillegg til relevant bachelorutdanning
  • Erfaring med økonomioppfølging frå offentleg forvaltning og kommunal rekneskap er ønskjeleg
  • Gode kunnskapar i bruk av digitale verktøy
  • Det krevst gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg

Kommunen har teke i bruk verktøyet Framsikt, og innsikt og erfaring frå dette er ønskjeleg.

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter avtale
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Gode utviklingsmoglegheiter for den rette kandidaten
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Sami Munawar, Økonomisjef, 40201556, sami.munawar@time.kommune.no

Arbeidsstad

Arne Garborgs veg 30
4340 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 4884847834
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Time kommune, Økonomi orgnr: 974546221
Kort om arbeidsgiver

“Me skal gjera kvarandre gode” er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Webside http://www.time.kommune.no
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Bank finans forsikring
Sted BRYNE (Adresse: Arne Garborgs veg 30 Postnr: 4340)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 06-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/9cfe0fa2-21f1-4581-962c-e373236eaddd
IMPORTAPI