Job Description
Published 03-12-2024
Deadline: 08-01-2025
Økonomirådgjevar
Pasientreiser har ledig 100% fast stilling som økonomirådgjevar.
Administrering av pasientreiser i Norge er organisert gjennom 17 pasientreisekontor og eit nasjonalt selskap, Pasientreiser HF.
Avdeling for pasientreiser i Helse Førde har ansvar for planlegging og bestilling av reiser med rekvisisjon. Avdelinga gir informasjon og rettleiing i planlegging av reise til og frå behandling. Avdelinga deltek i anbodsprosessar og oppfølging av samarbeidspartnarar. Pasientreiser i Helse Førde har i dag 11 tilsette.
For meir informasjon om Helse Førde/Pasientreiser, kan du gå inn på denne lenkja.
Arbeidsoppgåver
- Ta del i den daglege drifta ved avdelinga
- Utarbeide statistikk og rapportar for avdelinga saman med driftskoordinator
- Sikre effektive og gode rutiner rundt økonomi og bistå i budsjettarbeid
- Delta i anbodsarbeid saman med driftskoordinator
- Vere ein ressurs i prosjektoppgåver i avdelinga
- Førebu presentasjonar og annan dokumentasjon innan faget
- Gje informasjon og opplæring innanfor fagområde
- Halde seg fagleg oppdatert og orientere leiinga om forhold som har noko å seie for drifta
Kvalifikasjonar
- Ønskeleg med bachelor i økonomi, årstudium kan bli vurdert
- Praktisk erfaring kan kompensere for manglande utdanning
- God kjennskap til og interesse for økonomi, statistikk og rapportar
- Fordel med gode eigenskapar innan Microsoft 365, særleg Excel
- God generell IT-kunnskap
- Fordel med kunnskap innan logistikk og koordinering
- Fordel med god lokalkunnskap i Helse Førde sitt dekningsområde
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Analytisk, nøyaktig og løysingsorientert
- Opptatt av å levere høg standard og kvalitet
- Høg grad av sjølvstende og god evne til å handtere vanskelege val
- Må vere fleksibel og ha evne til å jobbe effektivt i eit hektisk miljø
- Samarbeider godt med andre, dele kunnskap og erfaring
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
- Fagleg og personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Trude Njøsen Helgås, Avdelingssjef, 971 01 110
Sissel Aarseth Rye, Saksbehandlar, 950 33 616
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4892528424
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Pasientreiser, Helse Førde orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering. |
Webside | https://www.helse-forde.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Bank finans forsikring |
Sted | FØRDE (Adresse: Svanehaugvegen 2 Postnr: 6812) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 08-01-2025 |