Job Description
Published 20-10-2024
Deadline: 01-12-2024
Økonomimedarbeidar
Om stillinga
Me søker ein dyktig og engasjert økonomimedarbeidar til museet vårt. Som økonomimedarbeidar vil du vera ansvarleg for daglege rekneskapsoppgåver og bidra til å sikra at våre økonomiske transaksjonar vert korrekt registrert og rapportert.
Økonomimedarbeidaren rapporterer til økonomisjef, men jobbar og tett med administrasjonssjef. Kontorstad vil i all hovudsak vera i administrasjonsbygget vårt på Nærbø.
Økonomimedarbeidaren har ei sentral rolle i organisasjonen vår, og vil vera i kontakt med dei fleste tilsette i staben. Du vil òg ha ei servicerolle mot kundar, leverandørar og publikum.
Staben vår har ein unik miks av ulike fagkompetansar, og består av pedagogar, kokkar, konservatorarar, handverkarar med fleire.
Arbeidsoppgåver
- Bokføring av bilag, faktura og kasseoppgjer
- Fakturering og oppfølging av innbetaling
- Avstemming og rapportering
- Oppfølging og godkjenning av timelister
- Klargjering av underlag til lønnskøyring
- Sentralbordfunksjon
- Kommunikasjon med kundar og leverandørar
- Bidra til å effektivisera prosessar
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonskrav og eigenskapar
- Relevant utdanning innan økonomi, gjerne bachelor
- Minimum 3 års erfaring frå liknande stilling
- God økonomiforståing
- God systemkompetanse og IT-kunnskap
- Erfaring med økonomisystem og excel
- Nøyaktig, strukturert og detaljorientert
- Løysingsorientert, serviceinnstilt og fleksibel
- Kunne arbeida effektivt og sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg på norsk
- Godkjent avgrensa politiattest
Jærmuseet tilbyr
- Fast 100% stilling
- Varierte arbeidsdagar
- Allsidig arbeidsplass i stadig utvikling
- Raust og godt arbeidsmiljø og solid økonomi
- Moglegheit for fagleg utvikling
- God pensjonsordning
- Behandlingsforsikring
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Økonomisjef Christian Haugstvedt Eide
Telefon: 92 68 66 42
E-post: che@jaermuseet.no
Administrasjonssjef Elisebet Rugland
Telefon: 47 50 03 33
E-post: elr@jaermuseet.no
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Jærmuseet orgnr: 974192403 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Jærmuseet er regionmuseum for kommunane Randaberg, Sola, Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå, samt regionalt vitensenter for Sørvestlandet. Jærmuseet er ein vitskapleg og kulturhistorisk institusjon som skal dokumentera regionen si historie gjennom innsamling, bevaring, forsking og formidling. Jærmuseet har årleg eit samla besøk på ca. 200.000. “Å samkøyra formidlingskonsept som har utgangspunkt både i vitensentera og musea sin kompetanse og formidlingstradisjon, er gjort med stort hell mellom anna på Jærmuseet, der dette òg er organisatorisk samkøyrt i same institusjon. Kulturdepartementet ser gjerne meir utveksling mellom vitensenter og museum, der dette er naturleg, i tida som kjem.” Stortingsmeldinga “Musea i samfunnet — Tillit, ting og tid” (2020-2021) Å ha ein inkluderande arbeidskultur kor me fremjar verdien av kvart einskild menneske som ressurs, er viktig for Jærmuseet. Alle tilsette skal møtast med respekt, og me ønskjer eit mangfald blant dei tilsette. |
Webside | https://www.jaermuseet.no/ |
Bransje | Kontor og økonomi |
Yrke | Økonomi, statistikk og regnskap |
Sted | NÆRBØ (Adresse: Kviavegen 99 Postnr: 4365) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |