Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen -Vallastova – Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune
Health and social care LPN (nurse)(3 days ago)
Job Description
Published 11-11-2024
Deadline: 30-11-2024
Offentleg godkjent helsefagarbeidar Ørstaheimen -Vallastova
Ørsta kommune er godt igong med å planlegge framtidas omsorgsbehov dei komande åra og jobbar etter heilskapleg innsatstrapp. Vi er stolte av å vere ei heiltidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året.
Vi håpar at du har lyst til å bidra saman med oss og resten av laget vårt. For å lukkast i vår kultur, er det viktig at du er pådrivar for heilskapleg innsatstrapp, årsplanlegging/årsturnus, oppgåvedeling, kvalitetsstandard m.m.
Er du helsefagarbeidar og ser etter nye utfordringar? Ved Ørstaheimen er det frå 1.1.2025 ledig ei 100 % stilling og ei 90 % stilling for off. godkjent helsefagarbeidar, ved avdeling Vallastova. Dette er ei somatiske langtidsavdeling med 24 bebuarar.
Vi søkjer etter fagleg engasjert og ansvarsfull medarbeidar som ynskjer å vere med på å vidareutvikle ei teneste i endring. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag, men du vil få dyktige kollegaer på laget. Vi jobbar målretta med individuell pleie og omsorg med høg kvalitet. Vi søkjer etter ein inspirert medarbeidar som kan bidra til optimal livskvalitet for den enkelte bebuar, og til fagleg utvikling av avdelinga. Som ein del av stillinga vil det vere mogleg at du kan jobbe langvakter på helg, samt fleire helgetimar etter behov. Dette er ei god moglegheit for dei som ønskjer ei meir fleksibel arbeidstid.
Vil vil sikre at du får nødvendig fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs.
Vi ser verkeleg fram til å få akkurat deg med på laget! Saman kan vi skape ein fantastisk arbeidsplass. Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
Vi arbeider etter primærkontaktprinsippet og har fokus på medisinsk oppfølging, ernæring og trivsel for den enkelte. Avdelinga er lokalisert på Ørstaheimen og vi samarbeider med andre faggrupper i kommunen. Vi legg vekt på at alle som bur her skal oppleve ein verdig alderdom i eit trygt miljø.
Kvalifikasjonar
- Søkjaren må vere off. godkjent helsefagarbeidar
- Det vert stilt krav til politiattest ved tilsetting
Personlege eigenskapar
- Du må ha eit ønske om å gjere ein god jobb i arbeid med menneske
- Du må også ha interesse og gjennomføringsevne når det gjeld å gi brukarane godt innhald i dagane
- Likar utfordringar og takle raske endringar i arbeidsoppgåver
- Tek initiativ og ansvar
- Relevant arbeidserfaring
- Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
- Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
- Evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar og omsyn til kontinuitet i avdelinga kan verte vektlagt.
Vi tilbyr
- Gode kollegaer og eit triveleg arbeidsmiljø
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg utvikling og kompetanseheving gjennom e-læring og kurs
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
Arbeidsvilkår: Dag/kveld, inkl. helgar.
Det kan vere aktuelt å gi bonus for auka helgetimar
Stillinga er plassert i kap. 4GR1.2- Fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 Helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju. Ved intervju og ved tilsetjing skal det leggjast fram dokumentasjon av vitnemål og attestar.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Lisa Mari Korsfur Silseth, Avd.leiar Vallastova, 481 32 814, lisa.mari.korsfur.silseth@orsta.kommune.no
Wenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 78
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4882910128
Stillingsprosent: 100, 90%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Omsorg og sjukeheim, Ørsta kommune orgnr: 974561670 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | ØRSTA (Adresse: Håkonsgata 78 Postnr: 6150) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 30-11-2024 |