Off. godkjent helsefagarbeidar – Vikarstilling Heimetenester, Bakk-Ola-marka
Health and social care LPN (nurse)(3 days ago)
Job Description
Published 19-11-2024
Deadline: 07-12-2024
Off. godkjent helsefagarbeidar
Vil du bli vår nye kollega?
Vi har ledig 85 % vikarstilling for helsefagarbeidar i perioden 17.12.24 – 01.11.25
Vi søkjer deg som vil ha faglege utfordringar. Du må kunne jobbe sjølvstendig i ein hektisk kvardag. Tenesta jobbar målretta med fokus på individuell pleie og omsorg. I heimetenesten på Bakk-Ola-marka møter du mange ulike brukarar der vi ha fokus på å støtte opp under brukar sine eigne funksjonar.
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Med oss kan du jobbe langvakter både på helg og i vekene. Det vil gi deg ei fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegaer på vakt. Vi er ei teneste som omstiller oss for å sikre gode helsetenester i framtida, og jobbar fleire timar på helg, etter behov i tenesta.
Vi søkjer etter ein medarbeidar som har engasjement, godt humør og vil bidra til vårt fellesskap. Du vil få dyktige kollegaer på laget som jobbar saman i team. .
Arbeidsoppgåver
- Utføre pleie og omsorgsoppgåver fagleg og etisk
- Fokus på forebygging og støtte opp under brukar sine eigne ressursar
- Utføre oppgåver i tråd med vedtak og gjeldande prosedyre
- Dokumentasjon av observasjonar, målingar og pleie i henhold til lov og forskrift
- Samhandle med brukar, pårørande og andre samarbeidspartar
- Veiledning og opplæring av medarbeidarar
- Oppfølging og implementering av interne rutine og retningslinjer
Kvalifikasjonar
- Off. godkjent helsefagarbeidar
- Du må ha førarkort klasse B
- Du må kunne nytte digitale fagsystem og velferdsteknologiske løysingar.
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, løysingsorientert og har godt humør
- Du er utviklingsorientert og motivert for omstilling
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du arbeider målretta, strukturert og sjølvstendig
- Du trivast i eit aktivt og til tider travelt miljø der du må kunne omstille deg raskt
- Du bidrege aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø
- Kompetanseutvikling gjennom e-læringskurs og internundervising
- Gode pensjons– og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: Dag/kveld inkl. helgar.
Stillinga er plassert i hta kap 4 gr.1. 2 fagarbeidarstilling
Stillingskode 7076 helsefagarbeidar
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Agnes Kubon-Rzeszutek, Avd.leiar heimetenester Bakk-Ola-marka, 902 19 443, agnes.kubon-rzeszutek@orsta.kommune.no
Sigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 48010415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Anders Hovden-gata 27
6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommune
Referansenr.: 4885793408
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 17.12.2024
Sluttdato: 01.11.2025
Søknadsfrist: 04.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vikarstilling Heimetenester, Bakk-Ola-marka orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Utvikling – gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap |
Webside | https://www.orsta.kommune.no/arbeid/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | ØRSTA (Adresse: Anders Hovden-gata 27 Postnr: 6150) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 17-12-2024 |
Søknadsfrist | 07-12-2024 |