Job Description

Published 17-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Obs Bygg Volda søkjer fleire medarbeidarar – 80% butikkmedarbeider i avdeling tyngre byggevarer

Er du positiv, imøtekommande og løysingsorientert?

Då har vi ein spennande moglegheit for deg!

Vi set «Kunden Først» i alt vi gjer, og vi treng engasjerte medarbeidarar til å skape gode kundeopplevingar.

 

Obs BYGG Volda er ein av dei største bygg butikkane i området, og tilbyr eit rikt sortiment innan mange varekategoriar. Hos oss vil du ha glede av å hjelpe kundar med alt dei treng til sine prosjekt. Saman med gode kollegar i eit positivt arbeidsmiljø bidreg du til å gjere Obs Bygg Volda til den beste byggevarebutikken i området.

 

Arbeidsoppgåver

 

  • Kundebehandling / kunderettleiing
  • Varemottak/ plassering
  • Kassearbeid
  • Forfallande arbeid på drive-in

Vi ser etter deg som har høg servicegrad, «stå-på-vilje», og ønsker å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Som en utåtvend, sjølvstendig og påliteleg medarbeidar, ønsker du å tileigne deg varekunnskap og sjå verdien av arbeidet du gjer hos oss. Du jobbar strukturert og effektivt og trivest i ein hektisk arbeidsdag med høgt tempo, der du kan handtera tunge løft og taklar hektiske situasjonar med godt humør. Erfaring frå bransjen, fagbrev, tømrar og truckførarbevis er positivt, men ikkje eit krav. Din evne til å lære i tillegg til ditt engasjement er viktigare. Du beherskar Norsk flytande både munnleg og skriftleg. Kompetanse i bruk av IT-verktøy er nødvendig.

 

Vi tilbyr ei spennande og utfordrande stilling med konkurransedyktige vilkår, ordna løns- og arbeidsforhold, og pensjons og forsikringsordningar. Vi har rabattavtalar for tilsette.

 

Spørsmål om stillinga rettes til salsleiar Ole-Martin Iversen på tlf. 979 91 500 eller

e-post: ole-martin.iversen@coop.no

 

Søknadsfrist 28. november 2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Coop Nordvest SA orgnr: 973179578
Kort om arbeidsgiver Coop Nordvest SA er eit av dei største samvirkelaga i Coop i Norge, med 6 milliardar i omsetnad og ca. 2200 medarbeidarar. Vi har butikkar i 46 kommunar, frå Åfjord i nord til Lærdal i sør, i Trøndelag, Møre og Romsdal og Vestland fylke. Vår verksemd er i første rekke innan daglegvare, i tillegg har vi ein del faghandels- og byggevarebutikkar. Vi er eigd av våre 182 000 medlemmar, og vert drive etter samvirke-prinsippa. Vi har kontor på Orkanger, i Ålesund og i Førde. Vi har som mål å vere eit av landets best drivne samvirkelag. Som ein regionalt stor aktør i ein konkurranseutsett bransje, møter vi heile tida nye konkurranseforhold og utfordringar. Måten vi møter dei på, avgjer om kunden framleis vil velje oss framfor konkurrentane.
Webside
Bransje Salg og service
Yrke Salg, butikk- og varehandel
Sted VOLDA (Adresse: Postnr: 6100)
Stillingstype Annet Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Privat
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4c3cb595-bc68-4445-809e-423c63028165
IMPORTAPI