Nattevaktstilling som sjukepleiar og vernepleiar ved Dr. Martens – Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen
Health and social care Nurse(22 hours ago)
Job Description
Published 07-01-2025
Deadline: 26-01-2025
Nattevaktstilling som sjukepleiar og vernepleiar ved Dr. Martens
Avdeling for rusmedisin (AFR) tilbyr behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Avdelinga satsar også sterkt på forsking og kvalitetsutvikling innan rushelsetenesta.
Dr. Martens er ein del av Avdeling for Rusmedisin (AFR) i Helse Bergen. institusjonen ligg i Ytre Sandviken. Vi gir tilbod om behandling og oppfølging til menneske med rus- og avhengigheitslidingar. Dr. Martens inneheld for tida ein avrusing/korttidspost, samt ein tvangspost.
Tvangspost: Sengeposten har 4 heildøgns sengeplassar, og pasientgruppa er lagd inn på tvangsvedtak etter Helse- og omsorgstjenesteloven §§ 10-2 og 10-3. Overordna målsetting med opphaldet er avrusing, stabilisering samt motivering og tilrettelegging for frivillig behandling etter avslutta tvangsopphald. Dette kan innebere både å hindra akutt, livstruande skade i nær framtid, og på sikt få pasienten rusfri eller inn i eit tilvære med vesentleg lågare rusmiddelforbruk. Det blir lagt vekt på høg grad av individuell tilrettelegging og brukarmedverknad, og tett samarbeid med pårørande og kommunale tenester/andre tenester. Gravide rusmiddelavhengige er ein del av pasientgruppa vår.
Avrusing/korttidspost: Sengeposten har 10 sengeplassar, gir tilbod om avrusing og korttidsopphald. Opphaldet består av mellom anna individuell oppfølging, undervisning og gruppesamtalar, samt fokus på fysisk aktivitet.
Vi har ledig følgande stillingar:
* 1 x 73% fast stilling som nattevakt ved Tvangsposten med arbeid kvar 3 helg.
* 1 x 70% fast stilling som nattevakt ved korttidsposten med arbeid kvar 4 helg.
NB! I søknadstekst ber vi om at det blir oppført ønska stilling ein søker på.
Dersom ønskeleg, vil det vere mogleg med kombinasjon/delt stilling ved Bemanningssenteret i føretaket. Tilsette ved Bemanningssenteret arbeider ved ulike einingar på sjukehuset, noko som gir deg breiddeerfaring frå fleire fagfelt. Stillinga i Bemanningssenteret blir tilpassa arbeidsplanen ved avdelinga og ein vil kunne få dag/kveldsvakter om ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleiar og vernepleiar arbeider i tverrfagleg team og følger pasientane tett under innlegging
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
- Nattarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring med arbeid innan rus og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
- Dokumentere i tråd med nasjonale lover og retningslinjer
- Godt norsk språk, både munnleg og skriftleg
- Gode datakunnskapar
Personlege eigenskapar
- I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstendig, strukturert og målretta arbeid
- Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Vere fleksibel og ha vilje til eit godt samarbeid på alle nivå
- Ha evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og i team
- Robust og god på avgjerder
- Pedagogiske evner er ein føresetnad
Vi tilbyr
- Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Regelmessig internundervising
- Inkluderande arbeidsmiljø
- Vi arbeidar tett saman i eit tverrfagleg miljø med høg effektivitet og kvalitet, god takhøgde og med humor som sit laust
- Årsturnus/kalenderplan
- Arbeid kvar 3' helg (tvangsposten) og kvar 4`helg (Korttidsposten)
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kato Oksnes, Seksjonsleiar, 92 41 57 09, kato.oksnes@helse-bergen.no
Hege Njøten, Teamleiar, hege.ramsli.njoten@helse-bergen.no
Bjarte Opsal, Teamleiar, 95 05 88 22, bjarte.opsal@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Hatleveien 7D
5038 BERGEN
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen
Referansenr.: 4902835180
Stillingsprosent: 70, 73%
Fast
Søknadsfrist: 26.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling for rusmedisin, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | BERGEN (Adresse: Hatleveien 7D Postnr: 5038) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 2 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 26-01-2025 |