Nattevaktstilling for sjukepleiar, område Stryn – Stryn Kommune

Health and social care Nurse

(16 hours ago)

  • STRYN
  •  Post Date: 28. November 2024
  •  Expire date: 18. December 2024
Job Description

Published 28-11-2024
Deadline: 18-12-2024

 

Nattevaktstilling for sjukepleiar, område Stryn

Likar du å arbeide med menneske som har behov for omsorg, grunnleggande sjukepleie og rehabilitering? Vi treng ein ny kollega.

Det er ledig nattevaktstilling i 100% for sjukepleiar i Eining for pleie- og omsorg, område Stryn. Stillinga er for tida knytt til Stryn omsorgssenter avd. Fiolen som består av to institusjonsavdelingar med 31 plassar og to avdelingar med heildøgsbemanna omsorgsbustadar med 40 plassar. Vi har også eiga kjøkkenavdeling, heimesjukepleie og heimehjelp.

Ved Stryn omsorgssenteret vil du jobbe saman med eit dyktig, tverrfaglig team og med varierte arbeidsoppgåver. Som tilsett på omsorgssenter vil du få mange spennande oppgåver og moglegheit til å kunne utvikle deg fagleg. 

Arbeidsoppgåver

  • Pleie, omsorg og rehabilitering
  • Kartlegging, vurdering og planlegging
  • Rettleiing

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som offentleg godkjent sjukepleiar
  • God kunnskap i norsk, munnleg og skriftleg
  • Førarkort for bil

Personlege eigenskapar

  • Evne til å vise omsorg, empati og respekt
  • Arbeide sjølvstendig
  • Personlag eignaheit vil bli vurdert

Vi tilbyr

  • Variert, meiningsfylt og utfordrande arbeid
  • Positivt miljø
  • Tenester i utvikling
  • God arbeidstidsordning
  • God pensjonsordning

Kontaktinformasjon

Reidun Aven, Avdelingsleiar område Stryn, 95801398

Arbeidsstad

Myrane 18
6783 Stryn

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stryn Kommune

Referansenr.: 4890563035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Stryn Kommune orgnr: 874600342
Kort om arbeidsgiver

Stryn kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulike kompetansar, livserfaring og perspektiv. Ved behov vil vi så langt som mogleg legge til rette for tilpassing av utstyr, endring av rutinar og arbeidsoppgåver mm. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til stillinga om å søke, uavhengig av kjønn, alder, etnisitet, funksjonsnivå eller legning. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet.

Stryn kommune er med sine om lag 7 250 innbyggjarar sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Næraste flyplass er Ørsta – Volda eller Sandane.

Her finn du andre ledige stillingar i Stryn kommune: https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger?q=stryn

Webside http://stryn.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted STRYN (Adresse: Myrane 18 Postnr: 6783)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 18-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3233b827-bd95-4a1c-926b-938b70d3ad8a
IMPORTAPI