Nattevakt, sjukepleiar – Teiglandshagen bufellesskap, Bømlo kommune
Health and social care Nurse(2 weeks ago)
Job Description
Published 24-10-2024
Deadline: 08-11-2024
Nattevakt, sjukepleiar
Ønskjer du ei variert og spennande stilling på natt? Då kan du vere personen me ser etter!
Teiglandshagen bufellesskap på Moster har ledig 75% fast stilling på natt for sjukepleiar. Teiglandshagen er for pasientar med demenssjukdom, og har to avdelingar med 8 pasienter på kvar. I eit team på to, vil de saman yte tenester til bebuarane inne på institusjonen, men også til heimebuande i området. Stillinga er ledig frå 1. november 2024.
Arbeidsoppgåver
- Yte hjelp og bistand til pasientar ved institusjonen og heimebuande etter behov
- Arbeidet omfattar sjukepleie og miljøretta arbeid ved å gi god og individretta omsorg tilpassa den enkelte pasient
Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar, eventuelt vernepleiar
- Førarkort klasse B
- Må beherske norsk både munnleg og skriftleg, og minimum ha bestått norskprøve på B2-nivå
Personlege eigenskapar
- Du er sjølvstendig
- Du er engasjert og fleksibel
- Du er løysingsorientert
- Du har gode kommunikasjons – og samarbeidsevner
- Du har evne til etisk refleksjon iht. tenesteområdet og eigen praksis
Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Me tilbyr
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
- Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
- Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben
Andre opplysingar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Helse og omsorgstenestelova § 5.4
- Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn
- Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (tittel/namn til leiar for stillinga)
Kontaktinformasjon
Ann Heidi Mathisen, Avdelingsleiar, 457 20 536
Arbeidsstad
Teigland 1
5440 Mosterhamn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4870766637
Stillingsprosent: 75%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 31.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Teiglandshagen bufellesskap, Bømlo kommune orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Berekraftige Bømlo er vår visjon! Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon Forsikring |
Webside | http://www.bomlo.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Sykepleier |
Sted | MOSTERHAMN (Adresse: Teigland 1 Postnr: 5440) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | 01-11-2024 |
Søknadsfrist | 08-11-2024 |