Job Description

Published 05-01-2025
Deadline: 21-01-2025

 

Nattevakt i heimetenesta 3 x 70 % stillingar

Me oppretter nattevakt i heimetenesta og har  3 x 70 % stillingar ledig, kor 2 x70 % er sjukepleiar stilling og 1 x 70 % er fagarbeidar stilling. Du vil inngå i det øvrige nattevakts teamet på Nissedal omsorgssenter, slik at der er 3 nattevakter på jobb kvar natt.

Eininga har årsturnus, kor du er med å lage din eiga turnus utfrå dine behov. 

Me ynskjer deg med på laget og håpar  DU søkjar på stilinga.

Arbeidsoppgåver

  • Gi helse og omsorgstenester til heimebuande og bebuarar på omsorgssenteret
  • Tverrfagleg samarbeid med andre instansar som til dømes tenestekontoret og spesialisthelsetenesta, og syte for fagleg forsvarlege tenestar
  • Systematisk oppfylging av brukarar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar/ fagarbeidar
  • Ynskjeleg med erfaring/ vidareutdanning innan demensomsorg, men dette er ikkje eit krav
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Førarkort kl. B

Personleg egnahet vektleggjast

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Positiv og samarbeidsvillig og behandlar brukarar, pårørande og kolleger med respekt
  • Fleksibel og løysingsorienter
  • Jobbar sjølvstendig og taklar utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevnar
  • Nytenkande og medansvarleg for å utvikle og bevare gode tenestar og eit godt arbeidsmiljø
  • Trivast med varierte arbeidsoppgåver
  • Stabil og har høg arbeidsmoral

Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finn gode løysingar saman
  • Moglegheit for kompetansehevande tiltak gjennom vidareutdaning og intern kompetanseheving
  • Me har studieordningar for studentar, dersom ein er villig til å inngå avtale om 2 års binding etter end utdanning
  • Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting av høgskulepersonell
  •  Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement

Kontaktinformasjon

Hannelore Skeimo, Kommunalsjef velferd, +47 92462619

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune

Referansenr.: 4902718233
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 21.01.2025

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Eining for velferd, Nissedal kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Nissedal – der gode liv levast

Nissedal kommune ligg sør i Vest-Telemark, og administrasjonsstaden er Treungen. Andre tettbygde stader er Kyrkjebygda, Fjone, Haugsjåsund og Felle. Me har om lag 190 årsverk, og saman jobbar me får å gi kommunen sine 1 450 innbyggarane gode helse- og velferdstenester, oppvekst- og utdanningsmoglegheitar, kultur- og fritidstilbod og eit godt bygdemiljø.

 

Me er stadig på utkikk etter nye, engasjerte og motiverte medarbeidarar, og hjå oss finns det spennande karrieremoglegheitar innan fleire fagfelt.

 

Attestar, vitnemål og vedlegg må leggast ved søknaden. Me oppfordrar søkarar til å bruke Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Norge må vere godkjent av NOKUT, og godkjenninga må dokumenterast.

 

Til informasjon så førast søkarane opp på offentleg søkarliste. Det kan søkast om anonymitet, men då må det ligge føre særskilte grunnar for å få godkjent unntak, jf. Offentleglova § 25.

Gyldig politiattest må leggast fram der det er eit krav.

 

Les meir om Nissedal kommune på heimesida vår.

Webside https://www.nissedal.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Sykepleier
Sted TREUNGEN (Adresse: Postnr: 3855)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 21-01-2025


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6c8e348c-7336-4645-8674-b3979420e247
IMPORTAPI