Musikkterapeut – Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane psykosepoliklinikk FACT, Helse Bergen
(1 week ago)
Job Description
Published 23-03-2025
Deadline: 06-04-2025
Musikkterapeut
Psykosepoliklinikk FACT ved Øyane DPS søkjer engasjert og initiativrik musikkterapeut i 50% vikariat.
Vi ligg sentralt til på Straume, ein kort busstur frå Bergen sentrum. Her finn du to sengepostar, allmennpsykiatrisk seksjon og seksjon for psykoselidingar med 8 plassar kvar. Vidare har vi FACT/ psykosepoliklinikk og allmennpsykiatrisk poliklinikk med tilhøyrande ambulant akutteam.
Psykosepoliklinikken gir eit breitt og samansett behandlingstilbod til menneske som er i behov av behandling for psykose. Vi består av ein ordinær poliklinikk og eit FACT – team som er eit samarbeid med Øygarden kommune. Musikkterapi har sidan 2017 vore ein viktig del av vårt tverrfaglege team som er sett saman av psykiater, psykologspesialist, psykologar, psykiatrisk sjukepleiar, erfaringskonsulent, jobbspesialist (IPS) og musikkterapeut. Musikkterapeuten si rolle i teamet vil mellom anna vere å fremme recoveryorientert behandling for våre pasientar.
Vi søkjer etter deg med godkjend mastergrad i musikkterapi. Vi ønskjer at du er oppdatert og nysgjerrig på fagfeltet ditt og har eit engasjement for målgruppa vår. Du har gode samarbeidsevner, og ser mogelegheiter i samarbeid med andre aktørar i helsetenesta og i pasientane sine nettverk.
Vikariatet er ledig til 31.12.2025.
Arbeidsoppgåver
- Tilby recoveryorientert musikkterapi individuelt og i gruppe
- Pasientoppfølging både på individ- og gruppenivå
- Delta i tverrfagleg behandlingsteam
- Kunne jobbe med koordinering av behandlingsforløp
Kvalifikasjonar
- Godkjend 5-årig mastergrad i musikkterapi
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Allsidig musikkterapeutisk kompetanse
- Relevant erfaring fra FACT team og/eller arbeid i spesialisthelsetenesta og/eller erfaring frå arbeid med personar med psykoseliding.
Personlege eigenskapar
- Du er robust og toler å hjelpe mennesker i sårbare livssituasjonar
- Du har evne til å fremme engasjement
- Du kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- Du har evne og vilje til å delta i fagutvikling
- Du er fleksibel og har gode samarbeidsevner
- Personlege eigenskapar vil bil vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spanande og utfordrande jobb
- Godt arbeidsmiljø
- Gode høve til fagleg og personleg utvikling
- Tid til å delta i fagleg forum med andre musikkterapeutar
- Helse Bergen har medlemsskap i kunnskapsklynga POLYFON
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gje til kjenne dette i søknaden
- En arbeidsplass som er en inkluderande arbeidslivsbedrift (IA)
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn i henhald til gjeldande avtalar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Hege Cecilie Sulen Lindtner, Seksjonsleiar, 92065951
Arbeidsstad
Blombakkane 75
5354 Straume
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 4922678844
Stillingsprosent: 50%
Vikariat
Startdato: 01.04.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 06.04.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øyane distriktspsykiatriske senter/ Øyane psykosepoliklinikk FACT, Helse Bergen orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook. |
Webside | www.helse-bergen.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | STRAUME (Adresse: Blombakkane 75 Postnr: 5354) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-04-2025 |
Søknadsfrist | 06-04-2025 |