Musikkterapeut – Avdeling for rusmedisin/ AFR Askøy, Helse Bergen

Education Primary School

(1 day ago)

  • ASK
  •  Post Date: 18. September 2024
  •  Expire date: 11. October 2024
Job Description

Published 18-09-2024
Deadline: 11-10-2024

 

Musikkterapeut

Vi har ledig 100% fast stilling som musikkterapeut i Avdeling for rusmedisin (AFR), Helse Bergen, sin døgnbehandlingsklinikk, Seksjon Askøy.   

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca. 600 medarbeidarar. Avdelinga har fem døgnseksjonar for både akutt- og planlagd behandling, to ruspoliklinikkar, ein ambulant seksjon og ein LAR seksjon. Avdelinga er i ein spennande utvikling knytt til mellom anna aukande differensiering av tenester for avhengigheitslidingar- og fagleg integrasjon med psykisk helsevern. Avdelinga har eigen forskingsseksjon med mange spennande prosjekt.   

Seksjon Askøy er ein del av AFR i Helse Bergen HF. Musikkterapi inngår i Helse Bergen sine satsingsområde. Seksjonen har 63 tilsette. Vi tilbyr frivillig tverrfagleg behandlingstilbod til 28 mannlege pasientar med eit langvarig og omfattande rusliding. Vi ønskjer å skape eit miljø som legg til rette for at kvar pasient styrker eigne ressursar, byggjer sosial og kulturell kompetanse og kan trene på og erfare auka rusmestring og livskvalitet. Institusjonen ligg i naturskjønne omgjevnader, cirka 25 minuttars køyring frå Bergen sentrum.  

Seksjonen har no ledig fast stilling som musikkterapeut i 100% stilling frå 01.11.24. Vi tilbyr eit spennande tverrfagleg samarbeid med psykologar, psykologspesialistar, legar, sosionomar, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, treningsterapeutar, og merkantilt tilsette. Vi ynskjer og at du blir ein fagleg pådrivar for musikkterapi i AFR, og for vidare utvikling av det musikkterapeutiske tilbodet i AFR i samarbeid med dei tre andre musikkterapeutane som jobbar i dei ulike AFR seksjonane. Det vil og vere tilbod om jamleg møtepunkt, grupperettleiing og fagleg samarbeid med dei andre musikkterapeutane.   

Seksjon Askøy har lagt til rette for musikkterapi gjennom musikkrom med bandinstrument og studioutstyr.

Arbeidsoppgåver

  • Tilrettelegging av eit hensiktsmessig musikkterapeutisk tilbod til pasientar . Dette innebærer ansvar for planlegging, gjennomføring og evaluering av musikkterapeutisk behandling både individuelt og i grupper
  • Bidra som ein del av tverrfagleg behandlingsteam
  • Dokumentasjonsarbeid, journalføring, og anna oppfølging av pasientar
  • Deltaking på tverrfaglege behandlings- og personalmøte
  • Bidra til undervising av både pasientar og personal
  • Kontinuerleg evaluering av tilbodet i samråd med team og leiing
  • Tverrfagleg samarbeid i avdelinga og på tvers av avdelingar og verksemder

Kvalifikasjonar

  • Erfaring med arbeid innan rus og psykisk helse er ein fordel
  • Allsidig musikkterapeutisk kompetanse
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Erfaring med bruk av bandinstrument og bandsamspel
  • Erfaring med bruk av musikkproduksjon
  • Relevante kurs og videreutdanningar kan vere ein fordel

Personlege eigenskapar

  • I tillegg til faglege kvalifikasjonar, legg vi vekt på personlege eigenskapar som samarbeidsevne og evne til sjølvstende, strukturert og målretta arbeid
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du er effektiv og trivast med å arbeide med systematiske og komplekse utfordringar
  • Du har god fagleg vurderingsevne og arbeidar målretta og strukturert
  • Du må kunne arbeide både godt både sjølvstendig og i team
  • Det er eit krav at man kan vise til gode samarbeidsevner
  • Ein må kunne tilpasse seg endringer i arbeidshverdagen
  • Personleg egnethet og framstillingsevne

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrende og spennende arbeidsoppgåver
  • Fagleg oppgradering i form av kurs/fagdagar
  • Høgt fagleg nivå og engasjement
  • Svært godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Gode fasilitetar for utøving av musikkterapi
  • Lønn i samsvar med gjeldane overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Personleg utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden

Kontaktinformasjon

Gerd Helene Irgens, Seksjonsleiar, 48887004

Arbeidsstad

Haugane 8
5307 Ask

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen

Referansenr.: 4861432119
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Avdeling for rusmedisin/ AFR Askøy, Helse Bergen orgnr: 974557746
Kort om arbeidsgiver

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Webside www.helse-bergen.no
Bransje Utdanning
Yrke Grunnskole
Sted ASK (Adresse: Haugane 8 Postnr: 5307)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 11-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/51d22a8b-ae38-4425-bf94-eadfa274731b
IMPORTAPI