MST-terapeut – MST Haugesund, Bufetat

Health and social care Rådgivere innen sosiale fagfelt

(6 hours ago)

  • HAUGESUND
  •  Post Date: 24. September 2024
  •  Expire date: 9. October 2024
Job Description

Published 24-09-2024
Deadline: 09-10-2024

 

MST-terapeut

MST-teamet i Haugesund har etablert ein sterk og stabil forankring i Fonna-området gjennom 23 år. Me har jobba med nærare 700 ungdommar og deira familiar. Til neste vår blir ein av våre MST-terapeutar pensjonist, og me søker ny kollega i teamet vårt. Kan dette vera noko for deg? Hos oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

MST-teamet i Haugesund har ledig 1 fast 100 % stilling som MST-terapeut. Fortrinnsvis som psykolog/psykologspesialist, men kandidatar med helse- og sosialfagleg bakgrunn og relevante vidareutdanningar kan og søke.

Stillinga er plassert i eining med andre avdelingar med totalt 4 MST team, 2 RFT team i Bufetat region vest.

Nubu vil delta aktivt i ansettelsesprosessen.

Barne-, ungdoms og familieetaten har eigne einingar som driv med multisystemisk terapi (MST), som er ein tidsavgrensa, familiebasert behandlingsmetode for ungdom med alvorlege åtferdsvanskar. Terapeutane jobbar i heim, nærmiljø og skole med foreldre og ungdom, der ungdomen står i fare for å bli plassert utanfor heimen. MST er ein evidensbasert metode utvikla i USA, og implementering i Noreg er leia av Nubu. Eit MST team består av fire terapeutar og ein rettleiar som er fagleg og administrativ leiar av teamet.

Tilgjengeligheit i rollen som MST-terapeut er regulert gjennom eigen særavtale for MST og er godt økonomisk kompensert. 

 

Arbeidsoppgåver

  • Terapeutisk arbeid etter MST sine behandlingsprinsipp og praksis 
  • Koordinera det faglege arbeidet i kvar enkelt sak og samarbeide nært med blant anna skule, PPT,
    barnevern og psykisk helsevern 
  • Delta i rettleiing, konsultasjon og kontinuerleg opplæring kvar veke 
  • Utføre MST sine kvalitetsikringsrutinar 
  • Drive informasjonsarbeid om MST 
  • Du vil ha moglegheit til å påvirke arbeidskvardagen din i stor grad innan dei rammane som er gitt.
  • Det forventast høg grad av tilgjengelegheit, noko som blir godt kompensert i eigen MST særavtale, p.t. ca
    200 000,- pr. år. Likevel vil det sjøvsagt vere mogeleg å avtale fri og ha ein aktiv kvardag. 

Kvalifikasjonar

  • Profesjonsstudiet i psykologi.
  • Søkjarar med sosialfagleg utdanning lik bachelor og relevant klinisk vidareutdanning, samt relevant praksis kan og søkje.
  • Vidareutdanning og/eller erfaring frå familieterapi eller kognitiv terapi og arbeid med barn/ungdom med alvorlege åtferdsvanskar er svært ønskjeleg
  • Grundig kjennskap til det teoretiske fundament som metoden byggjer på, det vil sei system/familieteori, kognitiv åtferdsterapi og sosial læringsteori.
  • Gode engelskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
  • Relevante IKT-kunnskapar.
  • Førarkort for bil kl B. Det er ønskjeleg at du kan disponera ege bil i tejenesta, mot kilometergodtgjering.
  • Det må delta på MST sin grunnopplæring veke 4,i 2025. 

Personlege eigenskapar

  • Du har ønskje om å arbeide systematisk og målretta.
  • Du har svært gode samarbeidsevner. 
  • Du evner å prioritere og arbeide strukturert.
  • Du er imøtekommande og hyggjeleg.
  • Du må evne – og like – å vere fleksibel
  • Evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk.
  • Personlege eigenskapar vil vektleggjast høgt.

Vi tilbyr

  • Stillinga  er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 0794 som psykolog, p.t. kr 624 500 – 692 400
    pr. år (ltr. 64-70), 1304 psykolog med godkjent spesialitet, p.t. kr 745 000 – 821 100 pr.år (ltr. 74-78), eller
    0795 spesialpsykolog, p.t. kr 667 700 – 745 000 pr. år (ltr 68-74). 
  • Alternativt som sosialfagleg, er stillinga plassert i stillingskode 1173 klinisk sosionom, 1496 klinisk
    barnevernspedagog, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, 1509 spesialutdanna vernepleier, 1185
    spesialutdanna sosionom eller 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, p.t. kr 548 600 – 646 000 (ltr.
    56-66). 
  • Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. 
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god
    tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og
    gruppelivsforsikring.
  • Det forventast høg grad av tilgjenge, noko som bli godt kompensert i eigen MST særavtale, pt ca 200
    000,- pr. år.
  • Løyve til å trene ein time pr. veke i arbeidstida
  • Fleksibel arbeidstid innanfor bestemte rammer
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit godt og engasjert fagmiljø
  • Opplæring i MST metode og faglege boostere kvert kvartal i regi av NUBU.
  • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, noko vi
    meiner har ein stor verdi i seg sjølv
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Opplysningar til deg som søkjer:

  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeiderarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkarar, kallar vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkryssingane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er p.t. lagt til MST Haugesund
  • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, eller Familievernkontorlova § 2 a,  og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir tatt til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via link på denne sida.

Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, samt takast med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Laila Haaland, MST-veileder, 46618866, laila.haaland@bufetat.no

Arbeidssted

Haraldsgata 94
5528 Haugesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4852412177
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver MST Haugesund, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted HAUGESUND (Adresse: Haraldsgata 94 Postnr: 5528)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 09-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/55093c38-2f49-4188-be28-9156ac22269a
IMPORTAPI