Job Description
Published 01-07-2024
Deadline: Snarest
Mobilkranførar G1
Sunnmøre Kranservice AS søkjer etter kranførar på vår 250 tonn mobilkran.
Arbeidsoppgåver
Størstedelen av våre oppdrag er for bygg, anlegg og verftsindustrien på Sunnmøre. Noko reising og overnatting utanfor kjerneområdet må påreknast i periodar. Det er ein fordel om søkjar er busett eller villig å busette seg innanfor normal pendlaravstand til Ulsteinvik. Ved behov må ein også vikariere på våre andre mobilkraner. Vi har idag 3 stk Liebherr mobilkraner. LTM1060 (2023), LTM1110 (2023) og LTM1250. (2017).
Kvalifikasjonar
- Førarkort kl BEC(E)
- Gyldig yrkessjåførkompetanse er ein fordel (YSK)
- kompetansebevis G1
- Kompetansebevis G2, G4, G8, T8, M4 er ein fordel, men ikkje eit krav.
- Å meistre norsk, både skriftleg og munnleg, er eit krav.
Personlege eignskapar
- Sjølvstendig og løysningsorientert
- Gode samarbeidsevner
- Positiv og kundevennleg
Vi kan tilby
- Varierte og spanande arbeidsdagar
- Kursing etter behov
- Konkurransedyktig løn
- Eit godt arbeidsmiljø
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Sunnmøre Kranservice orgnr: 999661203 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Sunnmøre Kranservice vart skipa i 2013. Vi held til i Storehølvegen i Ulsteinvik og driv med utleige av ulike krantenestar. Vi har mobilkraner, lastebilkraner, liftar, tårnkraner og har som mål å tilby eit totalprodukt innan kran- og løfteoperasjonar. Vi har fokus på HMS og arbeider stadig for at tilsette skal ha ein trygg og god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø. |
Webside | https://www.sunnkran.no |
Bransje | Bygg og anlegg |
Yrke | Maskin- og kranfører |
Sted | ULSTEINVIK (Adresse: Storhølvegen Postnr: 6065) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Privat |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | Snarest |