Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Miljøterapeutar bufellesskap – stillingane har langvaktturnus

Vil du vere med og utvikle gode helsetenester i nytt bufellesskap i Stad kommune?

Bu- og miljøtenesta i Stad kommune ved avdeling Myroldhaug har ledig seks faste stillingar på 100 % som miljøterapeut i 2:1-tiltak med tenestestad Nordfjordeid. Stillinga er inkludert 20 % frie timar. Turnusen er lagt opp etter eit medleverprinsipp med døgnvakter eller langvakter i samla arbeidsperiodar og periodar med natt. På grunn av behov søkjer vi i hovudsak etter mannlege tjenesteytarar. Stillingar er ledige frå dags dato.

Bu- og miljøtenesta er ei teneste i stadig utvikling. Tenesta har fleire tenestestader med heildøgnsdrift og oppfølging av heimebuande brukarar. Brukargruppa er samansett av menneske med ulike funksjonsnedsettingar i ulik alder og livssituasjon. Det overordna målet for bu- og miljøtenesta er å bidra til at tenestemottakarane oppnår høgast mogleg grad av livskvalitet.

Arbeidsoppgåver

  • Vernepleiefaglege og/eller miljøterapeutisk oppgåver, miljøterapi, omsorg og behandling
  • Skape ein god heim 
  • Kartlegge og vurdere behov
  • Følge opp og dokumentere tenesteytinga etter kvalitetskrav, lovverk og kommunale retningslinjer

Kvalifikasjonar

  • Helsefagleg, sosialfagleg eller pedagogisk utdanning på universitets- eller høgskulenivå , eller helsefagarbeidarar med erfaring frå 2:1 -tiltak.
  • Kandidatar med relevant erfaring og gode personlege eigenskapar, som ønskjer å ta relevant utdanning, kan også søkje.
  • Gode språkkunnskapar i norsk munnleg og skriftleg.
  • Aktuelle kandidatar må ha førarkort
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å etablere god samhandling med fokus på ro, tryggleik og funksjonell kommunikasjon
  • Likar utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
  • Er fleksibel og interessert i forbetringsarbeid
  • Tek initiativ og ansvar
  • Kan arbeide sjølvstendig og saman med andre
  • På denne arbeidsplassen er det i hovudsak behov for mannlege søkjarar

Vi tilbyr

  • Godt tverrfagleg samarbeid
  • Høve til å skape eit godt arbeidsmiljø i nye lokale 
  • Høve til fagleg utvikling
  • Vi legg til rette for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
  • Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Kompensasjon / ulempetillegg på kr. 15.000.- pr. år som følgjer 2:1 tiltak.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Vi tilbyr flyttegodtgjersle dersom du vil flytte til kommunen vår

For kode og løn som miljøterapeut er det krav om 3-årig høgskuleutdanning. Kandidatar med relevant fagbrev vil få kode og løn som fagarbeidar.

Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden. Referansar skal leggast ved. Stad kommune har 6 månader prøvetid. Politiattest skal leggast fram før start i stillinga.

Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast. 

Dersom du har spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med  avdelingsleiar Svenn Morten Eikeset.

Kontaktinformasjon

Svenn Morten Eikeset, Avdelingsleiar, 90290106, svenn.morten.eikeset@stad.kommune.no

Arbeidsstad

Myroldhaugvegen 43
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Stad kommune

Referansenr.: 4886004912
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bu- og miljøtenesta, Stad kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget!

https://www.nordfjord.no/stad

https://www.einstadistad.no/

Webside http://www.stad.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Rådgivere innen sosiale fagfelt
Sted NORDFJORDEID (Adresse: Myroldhaugvegen 43 Postnr: 6770)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 6
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/8da0041c-51da-4bf1-a878-e0b07702769c
IMPORTAPI