Job Description

Published 21-11-2024
Deadline: 16-12-2024

 

Miljøterapeut – vaken nattevakt 72,13 %

Vi ser etter trygge og dyktige miljøterapeutar som trivst med nattarbeid og har stort engasjement og hjerte for ungdom.

Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 – 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.1, 3.2 og 5.1.

Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Avdeling Skjold arbeider ut ifrå fagmodellen Omsorgs- og endringsmodellen, medan avdeling Fyllingsdalen arbeider ut ifrå Målstyrt miljøterapi. Begge avdelinger har traumebevisst omsorg som tilnærming, og saman med avdelingens fagmodell, legg til rette for profesjonelle omsorgsrammer som lett til rette for endring og utvikling.

Vi har nå ledige stilingar som vaken nattevakt i 72,13 % stilling. Ved avdeling Skjold har vi ledig ein fast og eit vikariat og ved avdeling Fyllingsdalen har vi ledig eit vikariat. Vikariata er også med moglegheit for forlenging. 

Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg. På Skjold er stillinga organisert med to våkne nattevakter fordelt på tre team, på Fyllingsdalen er det ein vaken nattevakt med to kvilande i langturnus.  

Det kan og vere moglegheitar for andre vikariat, med moglegheit for forlenging, av ulik storleik og varigheit ved eininga.

Arbeidsoppgåver

Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon

Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei har samansette og omfattande utfordringar i sine liv. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan også ha erfaringar med vald, traume og ustabile buforhold med fleire tidlegare flyttingar.

Målet vårt er å bidra til at ungdommane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv.

  • Stillinga som vaken nattevakt inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebevisst omsorg, senteret sine retningslinjer og faglege rettleiarar.
  • Stillinga krev høg grad av sjølvstendig arbeid.
  • Nattevaktane arbeider sjølvstendig og i team med miljøterapeutane som er kvilande nattevaktar i langturnus.
  • Nattevaktane har og ein del praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktane.
  • Nattevaktane deltek på, og har ansvar for, overlapping ved vaktskifte, rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
  • Nattevaktane deltek i fagmøte og rettleiing.
  • Den vakne nattevakten har særleg ansvar for å skape og bistå ungdommane med å finne ro og tryggleik på natta.

Som ansatt i Skjoldvegen forpliktar du deg til å delta på obligatorisk opplæring som Tryggleik og sikkerheit, opplæring i fagmodellen tilknyttet avdelinga og anna opplæring som vert krevd til stillinga.

Kvalifikasjonar

  • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, kan og vurderast. 
  • Kandidatar utan 3-årig bachelorgrad, men med relevant erfaring kan vurderast.
  • Krav om god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
  • God fysisk og psykisk helse til å jobbe natt.
  • Krav om førarkort for personbil kl. B.

 

  • Det vil vere ein stor fordel om du har erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
  • Det er ønskeleg med kunnskap om traumebevisst omsorg og OEM/Målstyrt miljøterapi.

Personlege eigenskapar

  • Vi søkjer deg som er ein trygg, tydeleg og tillitvekkande vaksen med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
  • Du rommar ungdomane og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeider aktivt for å skape forståing og endring, samt ivareta ungdomane sine behov og rettar best mogleg.

Du evner å;

  • bygge relasjonar
  • la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre
  • arbeide sjølvstendig , metodisk og i team
  • analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing
  • halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap

 

  • Du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet.
  • Du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar.
  • Du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar.
  • Du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding.
  • Du er punktleg.
  • Du har god fysisk og psykisk helse.

Personlege eigenskapar vert særlig vektlagt ved tilsetjing.

Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere
avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetninga er
viktig.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 466 600 – 604 900 pr. år (ltr. 45-62).
  • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 524 700 – 646 000 pr. år (ltr. 53-66).
  • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 – 646 000 pr. år (ltr. 54-66).
  • Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr 394 100 – 454 500 pr. år (ltr. 30-43), 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 – 487 800 (ltr. 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 443 000 – 502 300 (ltr. 41-50).
  • Løn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 

Opplysingar til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse: fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette  kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Skjold og Fyllingsdalen.
  • Politiattest må framleggast ved eventuell ansettelse, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
  • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, eller tas med ved eit eventuelt intervju.

Kontaktinformasjon

Jeanette Grindeland, Avdelingsleiar, Skjold, 466 17 627, jeanette.grindeland@bufetat.no
Hilde Helleseth Wasmuth, Avdelingsleiar, Fyllingsdalen, 466 15 086, hilde.helleseth.wasmuth@bufetat.no

Arbeidsstad

Skjoldvegen 51
5221 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bufetat

Referansenr.: 4887300333
Stillingsprosent: 72%
Fast
Søknadsfrist: 16.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Skjoldvegen barnevernsenter, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Webside http://bufdir.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted NESTTUN (Adresse: Skjoldvegen 51 Postnr: 5221)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 3
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 16-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/d6374b46-670e-4e97-b1d3-3790ec33f2fc
IMPORTAPI