Job Description

Published 22-10-2024
Deadline: 10-11-2024

 

Miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut

Har du eit sterkt hovud og eit varmt hjarte?

Kollen Ungdomsbase har ledig to faste stillingar i 100% som miljøterapeut/spesialutdanna miljøterapeut frå 01.01.2025. Kollen Ungdomsbase er ein statleg barnevernsinstitusjon for ungdom i alderen 13-18 (20) år som av ulike årsaker har behov for omsorg utanfor heimen. Ungdomane er plassert etter Lov om barneverntenester. 

Institusjonen ligg i Vestnes kommune og har åtte plassar; to avdelingar med plass til fire ungdomar i kvar avdeling inkludert institusjonshyblar.

Kollen Ungdomsbase har ei sosialpedagogisk tilnærming med vekt på kognitiv miljøterapi i tillegg til traumesensitiv omsorg. Vi legg vekt på at ungdomane innanfor trygge rammer, og i samhandling og aktivitetar med vaksne, skal oppleve meistring og ny læring for å oppnå endring og utvikling. Målet for miljøterapien er at ungdomane skal utvikle hensiktsmessige tanke- og handlingsmønster slik at dei kan handtere kvardagen sin på ein best mogleg måte.

Begge stillingane er for tida i langturnus etter gjeldande regelverk;

2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 2 døgn arbeid, 7 døgn fri, 3 døgn på helg og 7 døgn fri. Det er fagmøte med 4 timar oppmøte kvar onsdag.

På grunn av kjønnssamansetting i personalgruppa, vert menn oppmoda om å søkje.

Arbeidsoppgåver

Arbeids-og ansvarsområder vil mellom anna vere:

  • målretta og systematisk arbeid etter arbeidsmodellar frå kognitiv miljøterapi
  • traumesensitiv og profesjonell omsorg
  • legge til rette for og ta initiativ til kvardags- og fritidsaktivitet som gjev ny læring og meistring
  • i kvardagen må du vere ein stabil og truverdig vaksen og ein god rollemodell som kan planlegge og oppretthalde god struktur
  • i det daglege samarbeider ein med ungdomane, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartar, som til dømes skule og ulike helsetenester.
  • utføre daglege praktiske oppgåver ved institusjonen
  • som hovudkontakt for ein ungdom, vil ein få ansvar for utarbeiding og oppfølging av plan- og rapporteringsarbeid

Miljøterapeutane vert i det  daglege leia av ein avdelingsleiar.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?

  • Minimum fullført bachelorutdanning som barnevernspedagog eller sosionom. Søkjarar med t.d. vernepleiarutdanning eller anna relevant bachelorutdanning tilsvarande 180 stp. kan verte vurdert
  • For tilsetting som spesialutdanna miljøterapeut må du ha relevant vidareutdanning med minimum 60 studiepoeng

Det er og ønskjeleg at du har:

  • Relevant vidareutdanning eller god kjennskap til kognitiv terapi
  • Nyare relevant erfaring frå arbeid med ungdom
  • Robust helse, då arbeidet med målgruppa er psykisk og fysisk krevjande
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar, gode IT-ferdigheiter og førarkort kl.B med manuelt gir

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter?

  • Du må vere ein trygg og sjølvstendig vaksen som kan samarbeide og kommunisere godt med andre, samtidig som du kan arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Som godt eigna miljøterapeut er du kjenneteikna ved å vere fleksibel utan å vere ettergjevande, og sensitiv utan å miste den naudsynte profesjonelle distansen
  • Du må kunne ta imot rettleiing og arbeide med eiga utvikling
  • For oss er det viktig at du har evne til å skape god kontakt med ungdomane og at du er ein positiv ressurs for arbeidsmiljøet

Dette vert vektlagt i den totale vurderinga ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut p.t. kr 466 600-604 900 pr. år (ltr. 45-62) Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 stp., kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar eller 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt. kr. 532.200-646.000 pr. år (ltr. 54-66). Løn og stillingskode vert vurdert  etter utdanning og erfaring.
  • I langturnus vert det gitt eit tillegg etter gjeldande satsar.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, mulighet for tilbod om boliglån til konkurransedyktige betingelser, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Vi gjer deg merksam på at sentrale tillegg frå årets lønsoppgjer enno ikkje er ferdigbehandla i Staten for 2024.

I tillegg kan vi tilby:

  • kurs, personalsamlingar og sosiale tiltak saman med gode kollegaer
  • godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen
  • retteleiing i kognitiv terapi
  • tilbod om relevant vidareutdanning og kompetanseheving

Informasjon til deg som søker:

  • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjer til å krysse av i jobbsøkjarportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidater bruker vi ikkje avkrysningane til anna enn anonymisert statistikk.
  • Stillingane er for tida lagt til Kollen Ungdomsbase, Vestnes
  • Politiattest må leggast fram ved tilsetting jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og føresegn om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønskjet ditt ikkje vert teke til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via lenkja på denne sida.

Vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik og lengde, skal lastas opp elektronisk som vedlegg i Webcruiter, og i tillegg takast med til eit eventuelt intervju. Vi ber deg om at det vert gitt opp minimum to referansar som er fagleg relevant og av nyare dato.

Kontaktinformasjon

Hilde Sivertsen, Enhetsleder, 99245684

Arbeidssted

Myrakollen 2
6390 Vestnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 4871776379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 10.11.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Kollen ungdomsbase, Bufetat orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regioner har som hovedoppgave å drive etatens institusjoner og familievernkontor. I tillegg har regionene ansvar for fosterhjemsrekruttering og oppgaver knyttet til adopsjon. Barn, unge og deres familie skal få riktig hjelp til rett tid uansett hvor de bor i Norge. Bufetat sine fem regioner rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagt Barne- og familiedepartementet.

Bufetat, region Midt-Norge består av fylkene Trøndelag og Møre og Romsdal. Regionens administrasjon er lokalisert i Trondheim.

Webside http://bufdir.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VESTNES (Adresse: Myrakollen 2 Postnr: 6390)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 10-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/3895e207-8e2d-47a3-819a-610d1d1d8d27
IMPORTAPI