Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Miljøterapeut/ sjukepleiar/fagarbeidar/ fagskuleutdanna til spennande arbeid i barnebustad (medlevarturnus)

Vi søker miljøterapeut/sjukepleiar/fagarbeidar til spennande jobb i barnebustad (medlevarturnus)

Arbeidsoppgåver

  • Gje omsorg og støtte til ungdom med alvorlege vanskar i samsvar med individuelle omsorgsplanar og miljøterapeutiske tiltaksplanar
  • Delta aktivt i planlegging og gjennomføring av kvardagslege aktivitetar og støtte ungdomen i å utvikle sunne kvardagsferdigheiter
  • Gje ungdomen relevant opplæring slik at hen meistrar daglegdagse gjeremål
  • Samarbeide
    tett med foreldre og pårørande
  • Utføre observasjonar og dokumentasjon av ungdomen si fysiske og psykiske helse og rapportere til relevant personale
  • Samarbeide tett med tverrfaglege team og eksterne fagpersonar for å sikre heilskapleg behandling og omsorg for ungdomen
  • Bidra til å skape eit trygt og støttande miljø for ungdomen, med fokus på trivsel, meistring og utvikling
  • Vere ein aktiv deltakar i fagleg utvikling og kompetanseheving innanfor området ungdom med alvorlege vanskar og miljøterapi

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning innanfor helse- og sosialfag, eksempelvis: vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller helsefagarbeidar. Anna relevant utdanning kan vurderast ved relevant erfaring
  • Erfaring med arbeid med barn og unge, spesielt innanfor ungdom med vanskar
  • God kunnskap om ungdom med vanskar og behandling, samt evne til å tilpasse omsorgen til individuelle behov
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta, med god kommunikasjonsevne og evne til å etablere tillitsfulle relasjonar.
  • Fleksibilitet til å jobbe skift, medlevarturnus og eventuelt ekstraarbeid.

    Personlige eigenskapar

    • Robust
    • Fleksibel
    • Positiv og godt humør
    • Evne til å sjå løysingar i komplekse situasjonar
    • Utsråle omsorg og varme
    • Personleg eignaheit vil bli sterkt vektlagt

    Vi tilbyr

    • Ein spennande moglegheit til å jobbe med ei sårbar gruppe barn og unge i ein meningsfull og utfordrende samanheng
    • Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving innanfor områda miljøterapi, barnevern og helse
    • Eit støttande og inkluderande arbeidsmiljø med gode kollegaer og moglegheit for personleg og profesjonell vekst
    • Konkurransedyktige vilkår og gode pensjons- og forsikringsordningar.

     

    Viktig for søknaden din:

    • CV skal skrivast i Webcruiter-malen
    • Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
    • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. 
    • Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
    • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
       
      Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

    Kontaktinformasjon

    Solveig B Kyrvestad, Leiar, 912 47 155, solveig.b.kyrvestad@valle.kommune.no

    Arbeidsstad

    4747 Valle

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Valle kommune

    Referansenr.: 4878311260
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 17.11.2024

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Pleie- og omsorg, Valle kommune orgnr:
    Kort om arbeidsgiver
    Webside www.valle.kommune.no
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Sykepleier
    Sted VALLE (Adresse: Postnr: 4747)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 17-11-2024


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4e12c655-1174-43a0-bfbc-9364acd798d0
    IMPORTAPI