Miljøterapeut og miljøarbeidar ved Miljøterapitenesta, Kristenbråten – Gol kommune Miljøterapitenesta
Health and social care Miljøarbeidere(2 weeks ago)
Job Description
Published 07-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Miljøterapeut og miljøarbeidar ved Miljøterapitenesta, Kristenbråten
80% fast stilling – Miljøterapeut
70% fast stilling – Miljøarbeidar
60% fast stilling – Miljøarbeidar
Miljøterapitenesta yt tenester til personar i eigen heim, dagtilbod og avlastning. Felles er at dei er i behov for bistand til å meistre liva sine. Bistanden kan være tilsyn, aktivisering, tilrettelegging eller ulike formar for praktisk bistand. Arbeidsoppgåvene er varierte, dagane har ofte høgt tempo og krev fleksibilitet.
Miljøterapitenesta er ei avdeling i helse- og omsorg Gol og vi er i behov av Miljøterapeut som er opptatt av å sette brukar i fokus, skape meiningsfylte kvardagar, samt å bidra aktivt inn i utviklinga av fagmiljøet. Vårt faglege arbeid er knytt til dagleg oppfølging av planer og tiltak.
Stillinga inneber kveldsvakter og langvakter på helg med arbeid kvar tredje helg. Det er sett av tid til samarbeidsmøte i turnus.
Vi søkjer:
Miljøterapeut i 80 % fast stilling, miljøarbeidar 70 % fast stilling og miljøarbeidar 60 % fast stilling knytt til avdelinga Miljøterapitenesta, Kristenbråten.
Arbeidsoppgåver:
• Direkte tenesteyting i henhold til vedtak, dagsplanar, rutinar og prosedyrar
• Opplæring og rettleiing i aktivitetar i dagleglivet (ADL)
• Tilrettelegging for brukarstyrt aktivitet
• Kartlegge brukarbehov, iverksette og evaluere målretta tiltak
• Sørge for at tenestemottakar opplever tryggheit, blir verdsett og behandlast med respekt
• Sikre god kontakt og oppfølging av pårørende
• Utføre oppgåver i samråd med gjeldande krav til kvalitet og lovverk
• Bidra til utvikling av eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø
• Oppfølging av vedtak etter hol. kap. 9.
• Dokumentere i kommunens dokumentasjonssystem Gerica
• Primærkontakt, sekundærkontakt og andre delegerte oppgåver/ansvar kan bli tillagt stillinga
Kvalifikasjonar:
• 3-årig høgskuleutdanning innanfor helse, sosial eller pedagogikk
• Fagbrev som helsefagarbeidar eller annan relevant helsefagleg utdanning
• Førarkort klasse B
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Vi ynskjer at du:
• Har kjennskap til psykisk utviklingshemming og psykiske lidinga
• Er motivert, kreativ, nytenkande og løysingsorientert
• Har praktisk erfaring med handtering av åtferd som utfordrar
• Interesserer deg for fagutvikling og kvalitet i tenesta
• Er bevisst på di haldning og prioritera verdiar som respekt, lojalitet og etikk
• Har humør og rausheit, og bidrar til et godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr:
• Eit levande fagmiljø med fokus på kompetanse og kontinuerleg utvikling
• Ein interessant og utfordrande stilling med varierte og spennande arbeidsoppgåver
• Opplæring og fagleg rettleiing
• Ulike turnusordningar
• Trivelege, nysgjerrige, engasjerte og dyktige kollegaer med godt samhold og mye humor
• Gratis treningstilbod ved GOLIAT
• Gode pensjonsordningar
For stillinga gjeld:
Tilsetting etter lov og avtaleverk
Anna:
• Gyldig politiattest må leggjast fram
• Godkjende kopiar av vitnemål og attestar må takast med ved eventuelt intervju. Ansiennitet blir rekna ut i frå desse.
• I skjemaet er det mogleg å krysse av for at søknaden ikkje skal bli offentleggjort. dersom du ynskjer at søknaden ikkje skal bli offentleggjort må du grunngje dette. Vi gjer oppmerksam på at opplysningar om søkarane likevel kan bli offentleggjorde, jamfør offentleglova § 25. Du vil da bli varsla om dette på førehand slik at du har moglegheit til å trekkje søknaden
Send søknad:
• Vi ber om at elektronisk søknadsskjema blir nytta.
• Alle søkjarar vil få kvittering på at søknaden er motteken dersom de har fylt ut rett e-postadresse i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
DIVERSE INFO