Job Description

Published 16-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Miljøterapeut / kognitiv terapeut

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod innan psykisk helse- og rustenesta i Songdal kommune. Tilbodet vart starta hausten 2022. Me styrkar no teamet vårt og har no ledig ein 100% fast stilling.

Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit kommunalt behandlingstilbod for ungdom og vaksne over 16 år med milde til moderate angst- og depresjonsplagar, søvnvanskar og/eller begynnande rusproblematikk. Tilbodet baserer seg på kognitiv åtferdsterapi, og tilbyr rettleiing i bruk av sjølvhjelpsmateriell, kurs-/grupper og individuell samtaleterapi av relativt kort varigheit.

Alle tilsette i Rask psykisk helsehjelp skal delta på vidareutdanning i kognitiv terapi basert på modellen for Rask psykisk helsehjelp. Vidareutdanninga startar vinter 2025 og det er ein føresetnad at søkarar kan starte på denne. Kognitiv foreining stiller krav om treårig høgskule-/eller universitetsutdanning innan helse- og sosialfag for opptak til utdanninga.

 

Ein må rekne med noko reiseaktivitet både i samband med utdanning og arbeid.

 

Hovudoppgåver:

  • Være med å halde kurs- og gruppetilbod
  • Terapeutisk arbeid, derav individuelle samtalar og rettleia sjølvhjelp
  • Kartlegging og vurdering i individuelle brukarsaker

 

Kvalifikasjonar:

  • 3-årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning
  • Ynskjeleg med erfaring frå terapeutisk arbeid innan psykisk helse og rus
  • Vidareutdanning innan kognitiv terapi eller psykisk helse og/eller rusarbeid vil være eit føremonn
  • Ynskjeleg med erfaring frå helsefremmande og førebyggjande arbeid innan psykisk helse
  • Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne, minimum nivå B2.

 

Personlege eigeskaper:

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • God digital kompetanse
  • Nytenkande, fleksibel og løysingsorientert
  • Trivest med utviklings- og forbetringsoppgåver
  • Arbeider strukturert og målretta
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, og dele kunnskap og erfaring.
  • Stor arbeidskapasitet og evner å prioritere arbeidsmengde
  • Personlege eigenskapar vil verte vektlagde

 

Me tilbyr:

  • Varierte og spanande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling og under oppbygging
  • Samarbeid med faglege dyktige medarbeidarar
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Lønn etter tariffavtale 

 

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Sogndal kommune Psykisk helse og rus orgnr:
Kort om arbeidsgiver Velkommen til fagre Sogn! Staden der du kan kombinere ei spanande karriere med eit liv i frisk luft og fantastiske omgjevnadar. Sjekk ut sogn.no for fleire grunnar til å kome til Sogndal og Sogn.
Sogndal kommune vart etablert 01.01.2020 etter kommunereforma. Det er ca. 12.000 innbyggjarar i kommunen, i tillegg er me vertskommune for over 3.000 studentar gjennom studieåret. Sogndal er regionsenteret i Sogn. Kommunen har om lag 1300 medarbeidarar. Kvar dag leverer me gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Me har sett oss som mål å vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon.

Tilgjengelegheitserklæring: https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/187f2156-519b-4500-aa98-4e70dee1f837

Webside
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted SOGNDAL (Adresse: Postnr: 6856)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/0c17f7f7-af0c-4144-b683-55d2f6f2c1f5
IMPORTAPI