Miljøterapeut – Fjord kommune

Health and social care Miljøarbeidere

(3 days ago)

  • STORDAL
  •  Post Date: 2. July 2024
  •  Expire date: 17. July 2024
Job Description

Published 02-07-2024
Deadline: 17-07-2024

 

Miljøterapeut

Vi søker miljøterapeut i 100% stilling til ein glad og positiv gut på 11 år. Stillinga er i hovudsak i skuletida, der du er med for å gjere kvardagen hans lettare. Det er også aktuelt å arbeide noko i habiliteringstenesta.

Er du på utkik etter ein variert og kjekk kvardag? Ser du på deg sjølv som ein omsorgsfull, initiativrik og leiken person?

Vi ser etter deg som er ansvarleg, empatisk, tålmodig, punktleg, open og god på kommunikasjon. Er du i tillegg lærevillig, kreativ, har glimt i auget og er glad i aktivitet, kan det vere akkurat DEG vi ser etter! Helsefagleg bakgrunn vil vere eit pluss.

Du vil få god opplæring i alt du treng å vete. Ikkje nøl med å sende ein søknad eller ta kontakt med oss for meir informasjon!

 

Arbeidsoppgåver

  • Arbeidsoppgåvene dine vil i hovudsak vere stell og personleg pleie, påkledning, mating, følge på skule, bruk av kommunikasjonshjelpemiddel, vise omsorg og ta ansvar. På dagar der han ikkje er i form til å gå på skule gje oppfølging i heimen. 

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar/vernepleiar eller anna relevant utdanning (minimum treårig høgskule)
    • Helsefagarbeidar kan søke og bli vurdert
  • Beherske godt norsk skriftleg og munnleg
  • Erfaring og interesse for arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne
    • gjerne helsefagleg bakgrunn
  • Politiattest av ny dato blir krevd framlagt
  • Personar som utdannar seg oppfordrast til å søkje på stillinga
  • Bilsertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar som beskreve over vert vektlagt
  • Vi søkjer ein omsorgsfull, stabil og påliteleg medarbeidar
  • Du må samarbeide godt og ha evne til å arbeide sjølvstendig
  • Er serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Tilsetting på vanlege vilkår for kommunalt tilsette
  • God opplæring
  • God pensjonsordningi KLP
  • Løn etter gjeldande avtaleverk

Kontaktinformasjon

Cathinka Viddal, Teamleiar Habilitering Stordal, 41867989, cathinka.viddal@fjord.kommune.no
Anna Birgitt Myklebust, Leiar Fjord habilitering, +47 41867990

Arbeidsstad

Simamarka 46
6250 Stordal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord kommune

Referansenr.: 4835683233
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.07.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Fjord kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Fjord kommune ligg, midt i det kjende, vestlandske fjordlandskapet, i Møre og Romsdal.

Fjord kommune som har litt under 2500 innbyggjarar, byr på svært gode oppvektsvilkår, eit attraktivt kulturliv og attraktive områder for friluftsliv, både sommar og vinter. Deler av dette området har fått Unescos verdsarvstatus.

Fjord kommune har eit spennande næringsliv som spenner om reiseliv, primærnæring, innovative nysatsingar innan oppdrett og møbelindustri og ulike andre former for industriell produksjon, men også fleire verksemder innan bygg og anleggsbransjen. Fjord kommune tar mål av seg til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv. Kommunen har også klare mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til beste for innbyggjarane. Les meir om kommunen via opplevfjord.no

Webside http://www.fjord.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted STORDAL (Adresse: Simamarka 46 Postnr: 6250)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-07-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/681d5fad-101f-4269-9b47-0edef77de08d
IMPORTAPI