Miljøterapeut fast stilling ved Reset bufellesskap – Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt
Health and social care Miljøarbeidere(2 days ago)
Job Description
Published 22-12-2024
Deadline: 10-01-2025
Miljøterapeut fast stilling ved Reset bufellesskap
Vi har ledig fast 100 % stilling som miljøterapeut ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt, Reset bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne. Stillinga er ledig frå 01.02.2025 og inngår i to-delt turnus med nokre langvakter.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Menn blir oppmoda om å søkje.
Det er krav om politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Utarbeiding og oppfølging av tiltak og planar.
- Gjennomføre aktivitetar etter tiltaksplanar i bustad og i dagtilbod.
- Følge opp og delta i brukarretta aktivitetar etter behov, t.d. turgåing, symjing, sykling mm.
- Samarbeid med pårørande og eksterne samarbeidspartnarar (legeteneste, spesialistteneste m.m.).
- Rettleiing av kollegaer og opplæring av nytilsette.
- Fagutvikling og kvalitetsarbeid.
- Bidra til god dialog og etisk refleksjon saman med kollegaer i bufellesskapet.
- Primærkontakt/koordinator.
- Dokumentasjon i Visma profil.
- Legemiddelhandtering.
- Fagleg ansvar i høve utarbeiding og oppfølging av tvangsvedtak.
Kvalifikasjonar
- Vernepleiar, sjukepleiar eller anna relevant 3-årig helse- og sosialfagleg eller pedagogisk utdanning.
- God digital kompetanse.
- Det er ønskjeleg med erfaring / kompetanse på autismespekterdiagnosar og innan arbeid med menneske med nedsett funksjonsevne.
- Kunnskap om lovverk, med spesilt fokus på HOTL. kap. 9 – tvang og makt.
- Gode norskkunnskaper, både munnleg og skriftleg.
- Førarkort klasse B med manuell gir.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel og løysingsorientert.
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide godt både sjølvstendig og i team.
- Engasjement for faget og respekt for den enkelte bebuar.
- Løysingsfokusert når utfordringar oppstår.
- Lojal mot det som blir beslutta.
- Engasjert, positiv og har eit ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.
Kontaktinformasjon
Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630
Arbeidsstad
Reset 14
6040 Vigra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommune
Referansenr.: 4897775254
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt orgnr: 974011557 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver | Giske kommune har om lag 8700 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge. |
Webside | www.giske.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | VIGRA (Adresse: Reset 14 Postnr: 6040) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 10-01-2025 |