Job Description

Published 01-01-2025
Deadline: 24-01-2025

 

Miljøterapeut Fast Deltid Helgevakt – 37,48%

Ein god barndom varer livet ut 

I Bufetat er vi stolte over det arbeidet vi gjer for å gje barn og unge ein god barndom som varer livet ut. Vi ligg i front internasjonalt innan våre fagfelt når det kjem til kunnskapsbasert praksis, der vi både bidreg til og praktiserar den aller siste forskinga. 

Hos oss møtar du ein arbeidskultur prega av åpenheit og nytenking. Vi ser etter deg som er nysgjerrig og ikkje låsar deg til bestemte løysingar på utfordringane i jobben. For å kunne gje alle våre barn og unge god og tilpassa omsorg, ønskjer vi difor å rekruttere medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv.

Skjoldvegen barnevernsenter er ein omsorgsinstitusjon i Bergen for barn og unge i alderen 13 – 18 (20) år. Vi tek imot plasseringar etter Lov om barneverntenester §§ 3.2 og 5.1.

Skjoldvegen barnevernsenter har etablert profesjonelle omsorgsrammer gjennom traumebevisst omsorg og Omsorg- og endringsmodellen (OEM) som legg til rette for endring og utvikling. Senteret har tre avdelingar; Søfteland, Skjold og Fyllingsdalen med til saman 14 plassar. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling, rettleiing og spanande utfordringar.

Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland har ledig fast deltidsstilling 37,48%. Stillinga er ledig omgåande. 
Arbeidet er per i dag 3. kvar helg, onsdag møtevakt og fredag, lørdag og søndag kveld. Det er og moglegheit for ekstra vakter utanom. 

Det kan også være moglegheit for andre vikariat av ulik storleik og lengde ved eininga.

Stillinga som miljøterapeut inneber eit ansvar for målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med Omsorg- og endringsmodellen, senteret sine retningsliner og faglege rettleiarar.

Miljøterapeutane arbeidar både sjølvstendig og i team. Dei deltek i overlapping ved vaktskifte, dagleg rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon knytt til arbeidet.

Miljøterapeutane har praktiske, huslege oppgåver og vedlikehald i og rundt avdelinga i løpet av vaktene.

Arbeidsoppgåver

Miljøterapi i ein omsorgsinstitusjon


Til oss kjem barn og ungdom når omsorgssituasjonen rundt dei må styrkjast. Dei blir ofte kjenneteikna ved å i tillegg til å vera “normale” tenåringar, også har samansette og omfattande utfordringar i liva sine. Dette kan vera knytt til psykisk helse, rusproblematikk, ustabile relasjonar, mangel på tillit til system og normbrytande åtferd. Dei kan og ha erfaring med vald, traume og ustabile buforhold med mange tidlege flyttingar.
Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland arbeider etter Omsorgs- og endringsmodellen (OEM), som inneber blant anna traumebevisst omsorg, dialektisk åtferdsterapi mv.

  • Målet vårt er å bidra til at ungdomane tek gode val som leiar til varig positiv endring i sine liv. For å lykkast er følgjande viktig:
  • Vi utfører godt miljøterapeutisk endringsarbeid ved hjelp av kunnskapsbaserte metodar og standardiserte forløp
  • Vi sikrar tverrfagleg samhandling med kommunal barnevernsteneste, føresette, sosialt nettverk, skule, helse og arbeid
  • Vi bidreg til å ivareta rettstryggleiken til ungdomen ved hjelp av god dokumentasjon
  • Vi reflekterer over eiga rolle og funksjon i møte med barn, unge, familiar, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Vi arbeider med krise- og stresshandtering og har kunnskap om å stabilisera barn i krise
  • Vi arbeider førebyggjande og handterer åtferd/hendingar der barn og ungdom kan skada seg sjølv eller andre
  • Vi identifiserer teikn på, og handterer konsekvensar av omsorgssvikt og vald
  • Vi kartlegg styrkane og behova til ungdomen og utarbeider og følgjer opp planar på ein fagleg og systematisk måte

For å lykkast i jobben treng du og gode verktøy. Hos oss vil du få jobba med nokre av dei fremste kunnskapsbaserte metodane og standardiserte forløpa for miljøterapi.

    Kvalifikasjoner

    • Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
    • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes innan sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. 
    • Ved deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
    • Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
    • Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
    • God fysisk og psykisk helse.Det er ønskeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barneverninstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
    • Krav om førarkort for personbil.

    Personlige egenskaper

    Vi søkjer deg som er

    • Trygg, tydeleg og tillitvekkjande vaksen, med godt humør, som likar å arbeide med og for ungdom.
    • Rommar ungdom og deira uttrykk på ein varm og støttande måte, og arbeidar aktivt for å skape forståing og endring, samt ivaretek ungdomane sine behov og rettigheitar best mogleg.

    Du evner å;

    • byggje relasjonar
    • la deg engasjere, og kan engasjere og motivere andre
    • arbeide sjølvstendig, metodisk og i team
    • analysere utfordringar og vurdere forslag til løysing
    • halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap
    • Vidare ønskjer vi at:
    • du har god arbeidsmoral og gode samarbeidsevner, og er ein bevisst positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet
    • du er fleksibel, trivst med utfordringar og tåler hektiske og spanande kvardagar
    • du ønsker å være ein del av ein velorganisert kvardag, har forståing for, og vil bidra til oppfølging av gjeldande strukturar og rutinar
    • du kan nyttiggjere deg opplæring, rettleiing og konstruktiv tilbakemelding
    • du er punktleg
    • du har god fysisk og psykisk helse
    • Personlege eigenskapar vert vektlagt ved tilsetjing.

      Skjoldvegen barnevernsenter har lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju ettersom personalsamansetjinga er viktig.

    Vi tilbyr

    • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, pt. kr 550 000 – 605 000 pr. år.
    • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, pt kr 585 000 – kr 650 000. pr. år.
    • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, pt kr 585 000 – kr 650 000 pr. år.
    • Ved tilsetjing i deltidsstilling kan følgjande stillingskodar vere aktuelle: 1486 miljøarbeidar, pt. kr 400 000 – 500 000, 1203 fagarbeidar med fagbrev, p.t. kr 432 800 – 530 000  eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr 450 000 – kr 550 000 pr. året.
    • Lønn i høve til utdanning og arbeidserfaring.
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring. 
    • Opplysingar til deg som søker:

      Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enno betre. Vi ønskjer oss difor medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkjarportalen.
      Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut rette  kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
    • Stillinga er for tida lagt til Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland.
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast ved søknaden.
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontakter deg dersom ønskjet ditt ikkje kan takast til følgje.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenkje på denne sida.

    Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal leggjast ved elektronisk som vedlegg i Webcruiter, eller takast med ved eit eventuelt intervju.

    Kontaktinformasjon

    Bonita Esther Hanson, 46616484

    Arbeidssted

    Byvegen
    5212 Søfteland

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat

    Referansenr.: 4898440632
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 24.01.2025

     

     

    DIVERSE INFO

    Arbeidsgiver Skjoldvegen barnevernsenter, avd. Søfteland, Bufetat orgnr:
    Kort om arbeidsgiver

    Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

    Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

    Webside http://bufdir.no/
    Bransje Helse og sosial
    Yrke Andre helseyrker
    Sted SØFTELAND (Adresse: Byvegen Postnr: 5212)
    Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
    Sektor Offentlig
    Krav Unknown
    Tiltredelse Unknown
    Søknadsfrist 24-01-2025


    Kilde: NAV stillingsannonser
    https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/1acd8c3e-0042-4a0d-87d7-a1f76f55e464
    IMPORTAPI