Miljøterapeut Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest. – Bjørgvin fengsel
Security and readiness Politi, fengsel og toll(1 week ago)
Job Description
Published 13-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Miljøterapeut Bjørgvin fengsel, Ungdomseining Vest.
Om stillinga
Bjørgvin fengsel søkjer miljøterapeut til 1 fast stilling frå snarast.
Stillinga er for tida plassert på Ungdomseininga Vest.
Stillinga er med turnusarbeid.
Miljøterapeuten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, kontaktbetjent, rollemodell og rettleiar for dei innsette, og delta i målretta progresjonsarbeid med innsette.
Ein miljøterapeut skal ha evne til å drive miljøretta arbeid og motivere innsette.
Kriminalomsorgen region vest har etablert eit sonings- og varetektstilbod til born under 18 år i Bjørgvin fengsel. Tilbodet byggjer på eit tverretatleg samarbeid og tar sikte på eit intensivt endringsarbeid, slik at mest mogleg av straffegjennomføringa kan skje utanfor fengsel.
Tiltaket er eit samarbeidsprosjekt mellom ulike etatar som barnevern, psykisk helsevern, utdanning/opplæring og kommunal tenesteyting. I kraft av å vere eit nasjonalt prosjekt, inkluderer innsettgruppa ungdommar frå heile landet. Det må difor påreknast noko reiseverksemd.
Arbeidsoppgåver
- daglege oppgåver i forhold til unge innsette
- strukturet endringsarbeid etter miljøterapeutiske prinsipper
- andre rutinemessige oppgåver
- vere ein aktiv medspelar i utviklinga av det faglege og tryggleiksarbeidet ved avdeling
-
motivera dei innsette
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Utdanning og erfaring
Du må ha
- utdanning frå høgskule/universitet på bachelornivå (fortrinnsvis utdanning innan helse/sosialfagleg retning)
- minimum eit års erfaring frå miljøterapeutisk arbeid og/eller erfaring frå arbeid i fengsel
- erfaring frå arbeid på institusjon vert vektlagt
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god kunnskap og erfaring i bruk av IKT – system eller verktøy
- førarkort klasse B
- gode norskkunnskapar
Det er ønskjeleg at du har
- det er ein fordel med erfaring frå arbeid med born og unge
- interesse og engasjement vert også vektlagt
Personlege eigenskapar
- gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- har evne og vilje til å drive påverknadsarbeid ovanfor unge innsette
- har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for dei innsette
- er mål- og resultatorientert
- har evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
- interesse for og erfaring i miljøarbeid
- evne og vilje til å delta på aktivitetar med ungdom utanfor fengselet
- evne til å vere uthaldande i periodar med ustabilitet i avdelinga
-
personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
- gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
- gode treningsmoglegheiter
- stillinga blir lønt som miljøterapeut 1201 lønnstrinn 44-60 fra kr 460 600–584 500 , avhengig av kvalifikasjoner, samt gode tillegg for ubekvem arbeidstid. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse
Generell informasjon
Tilsette sine haldningar og verdiar skal vere i tråd med kriminalomsorga sitt verdisyn. Våre verdiar er: Openheit, tryggleik og nytenking.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald, og vi oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik arbeids- og livserfaring til å søkje jobb hos oss. Kriminalomsorga arbeider for å realisere regjeringas inkluderingsdugnad om at 5% av alle nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hòl i CV-en.
Vi vil sørgje for tilrettelegging på arbeidsplassen dersom det er høve til det. Vi gjer merksam på at dersom søkjarane oppgjev at dei har nedsett funksjonsevne eller «hòl i CV-en» kan opplysinga nyttast til registreringføremål.
Prøvetida er 6 månader.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet. Det går for tida føre seg ein utgreiingsprosess i kriminalomsorga som kan medføre ei organisasjonsendring.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Arne M. Hægland tlf. 55251284
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
DIVERSE INFO