Miljøterapeut – Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune
Health and social care Miljøarbeidere(16 hours ago)
Job Description
Published 12-12-2024
Deadline: 05-01-2025
Miljøterapeut
Butenesta i Haram har ledig 100% stilling som Miljøterapeut. Stillinga er for tida ledig i avdeling Haram bustadar 1. Hovudkontoret ligg i Brattvåggata 19.
Turnus for stillinga er for tida dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg. Haram bustadar yter i hovudsak tenester til menneske med diagnosa psykisk utviklingshemming. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø i våre avdelingar. Butenesta har fokus på å yte gode tenester til tenestemottakarane, fagutvikling og kompetanseheving. Butenesta er god på punkttenester.
Butenesta skal i ei 4 årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til Veilederen “Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming”. Som miljøterapeut får du være ein del av dette arbeidet.
I 2025 skal vi vere med i prosjektet TØRN.
Stillinga er ledig frå 3. mars -25, eller etter avtale.
Haram bustader er delt inn i to avdelingar. Haram bustader 1 som består av bustadar og dagsenter. Haram bustadar 2 som består av bustader, Solbakken bukollektiv og barnebolig. Miljøterapeutane i alle avdelingane kan samarbeide på tvers, og har jevnlege felles miljøterapeutmøter.
Haram kommune er opptekne av gode heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å være ein arbeidsplass der ein opplev trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
Arbeidsoppgåver
- Målretta miljøarbeid.
- Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
- Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
- Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
- Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
- Fagutvikling, miljøterapeut vil ha fagansvar og koordineringsansvar på avdelinga.
- Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
- Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
- Innleige ved sjukdom, i turnussystemet GAT.
- Gruppeleder med primæransvar.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag.
- Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
- Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
- Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
- Førarkort kl. B.
- Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Viser initiativ og er kreativ.
- Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
- Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
- Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
- Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
- Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
- Er lojal og stabil.
Vi tilbyr
- Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og faglig utvikling.
- Rom for å være kreativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
- Avsatt tid i turnus til å jobbe med fag og oppfølging av primærkontaktrolla.
- Du vil jobbe i eit miljøterapeutteam ilag med 5 andre miljøterapeutar i Haram bustader 1, samt helsefagarbeiderar og assistentar.
Kontaktinformasjon
Linn Borgund, Tenesteleiar, 97595965, linn.borgund@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Vesterheim 9
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4893498083
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 03.03.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling Haram bustadar 1, Haram kommune orgnr: 979353057 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Miljøarbeidere |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Vesterheim 9 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-03-2025 |
Søknadsfrist | 05-01-2025 |