Miljøterapeut, 100% x 2 – Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste

Construction Andre ingeniører

(22 hours ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 9. October 2024
  •  Expire date: 27. October 2024
Job Description

Published 09-10-2024
Deadline: 27-10-2024

 

Miljøterapeut, 100% x 2

I perioden 01.11.2024 til 31.12.25 har vi ledig to vikariat i 100 % stilling som miljøterapeut i våre ambulerande tenester. Dei tilsette går i todelt turnus med langvakter og arbeid kvar 5 helg.

Ambulerande tenester er ein del av Rus og psykisk helseteneste og basen er lokalisert ved Omsorgssenteret i Volda kommune. Seksjonen har 8,6 årsverk, og tilbyr helsehjelp og praktisk bistand til personar med lidingar innan rus og psykisk helse. Ei viktig målsetting er at brukarane skal oppleve meistring og auka deltaking i eige liv.

Avdeling rus og psykisk helseteneste har 30 årsverk fordelt på 4 tenesteområde. Vi tilbyr individuell oppfølging i psykisk helseteneste og i rustenesta, arbeid og aktivitetstilbod ved lågterskeltilboda Styrk-arbeid og Møteplassen Gnisten, samt døgntenester til heimebuande.

Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutiske tiltak i heimen, samt støtte til viktige avtalar/møter og behandling
  • Bistå i henvising til speialisthelsetenesta og ulike behandlingsforløp ved behov
  • Koordinere og samarbeide med pårørande, fastlege, NAV, spesialisthelsetenesta og andre aktuelle aktørar
  • Rettleie pårørande
  • Delta i endring og utviklingsarbeid
  • Dokumentere i Gerica; dagleg rapportering, registrering av avvik, evaluering og oppdatering av tiltaksplan
  • Medansvar for å vidareutvikle den faglege kvaliteten på tenestetilbodet
  • Bidra til at brukarane får individuelt tilpassa tenester, ein meiningsfylt og aktiv kvardag
  • Primær og sekundærkontakt-ansvar
  • Rettleie og lære opp kollega og studentar
  • Ha kunnskap om lover, forskrifter, retningslinjer og avtaleverk innanfor fagområdet

Kvalifikasjonar

  • Minimum 3- årig helse- og /eller sosialfagleg høgskuleutdanning, fortrinnsvis sjukepleiar, vernepleiar, sosionom eller barnevernspedagog
  • Vidareutdanning innan psykisk helse og rus, samt erfaring frå liknande arbeid vil bli vektlagt
  • Det er naudsynt med god skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter og samarbeidsevner – ein lagspelar som tek initiativ og bidreg til positivt arbeidsmiljø
  • Førarkort (klasse B) 
  • Gode ferdigheiter i dokumentasjon og bruk av digitale verktøy
  • Politiattest utan anmerkingar er ein føresetnad for tilsetting og må leverast arbeidsgivar for den som er aktuell for stillinga
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Du er ein person som har interesse for psykisk helsearbeid og rusarbeid. Vi arbeider med ei sårbar gruppe, noko som krev at du kan halde ut over tid når det er vanskeleg
  • Du bidreg aktivt til å sjå og oppmuntre andre slik at vi også i framtida har ein triveleg arbeidsplass der vi tek godt vare på kvarandre.
  • Du har ein god arbeidsmoral og legg vekt på nærvær og høg kvalitet i arbeidet ditt 
  • Du er roleg, tydeleg, tolmodig og stabil, samtidig som du set grenser og står i konflikt og krevjande situasjonar
  • Gode samarbeidsevner både når det gjeld brukarar, pårørande, samarbeidspartar og kollegaer
  • Gode evner til sjølvregulering og samregulering i møte med andre i kriser
  • Evne til å halde deg fagleg oppdatert og tileigne deg ny fagleg kunnskap
  • Evne til å jobbe strukturert og målretta ut i frå brukarane sitt behov
  • Du likar å få ansvar, ser løysingar og er fleksibel
  • Du likar å jobbe systematisk og målretta og gler deg over dei små framstega i arbeidet

Vi tilbyr

  • Ein spennande jobb der du får vere med på å utvikle tenestene
  • Varierte arbeidsoppgåver og utfordringar som gir deg moglegheit for personleg utvikling
  • Turnus med kombinasjon av dag – kveld og arbeid kvar 5 helg med langvakter
  • Du kan få tilbod om kompetansehevande kurs og rettleiing
  • Eit lite og godt arbeidsmiljø med trivelege kollegar 
  • Løn etter gjeldande tariff

Kontaktinformasjon

Knut Hagen, Seksjonsleiar, 94 16 52 92
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, +47 91 55 59 70

Arbeidsstad

Sevrinhaugen 7
6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4871355723
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 02.12.2024
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 27.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Rus og psykisk helseteneste orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Bygg og anlegg
Yrke Andre ingeniører
Sted VOLDA (Adresse: Sevrinhaugen 7 Postnr: 6102)
Stillingstype Vikariat Heltid Antall stillinger: 2
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse 02-12-2024
Søknadsfrist 27-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/6f87c6d5-8325-4402-a9f8-2d6bc0db7085
IMPORTAPI