Job Description
Published 05-01-2025
Deadline: 09-02-2025
Miljøterapeut, 100% fast
Om stillinga
Kom til Gulen kommune! Du er hjartleg velkomen.
Gulen kommune har ledig 100% fast stilling som miljøterapeut (vernepleiar eller annan relevant høgskuleutdanning) frå snarast/etter avtale. For tida vil dette vere ei stilling med langvaktturnus med komprimert arbeidstid og periodar med langfri. Det er mogleg med overnatting på arbeidsstaden. For meir informasjon om denne stillinga og turnusordninga, ta kontakt med kontaktperson i annonsen.
- Kommunen tilbyr, for tida, løn over tariff for arbeid i turnus for kvalifisert utdanning
- Kommunen har også, for tida, ekstra tillegg med 50kr/t på helg
Miljøtenesta har base på Dalsøyra, men yter bistand til brukarar i heile kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Arbeid knytt til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9
- Legge til rette for og bistå personar med ulike funksjonsnivå i daglege gjeremål og fritidsaktivitetar
- Følgje opp dei daglege rutinene
- Andre oppgåver etter behov
Kvalifikasjonskrav
- Godkjent autorisasjon som vernepleiar eller anna tilsvarande høgskuleutdanning. Andre kan verte vurdert for mellombels stilling
- Kan delta på ulike aktivitetar, som til dømes; turar, bading i basseng, gardsbesøk og andre aktivitetstilbod
- Førarkort klasse B (manuell gir)
- Kommuniserer godt på norsk
Personlege eigenskapar
- Er engasjert og har fokus på målretta miljøarbeid og vert motivert av å yte gode tenester til personar med særskilde behov
- Kan bidra til sjølvbestemmelse, inkludering og deltaking
- Er stabil, fleksibel og reflektert over eigen arbeidspraksis
- Har gode samarbeidsevner, er positiv til endring og utvikling og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Kommunen tilbyr løn over tariff for arbeid i turnus. Dette er eit mellombels tiltak, og skal evaluerast ved seinare høve. Kommunen har også innført ekstra tillegg med 50kr/t på helg – ei ordning som skal evaluerast ved rullering av lønspolitisk plan.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Gulen kommune orgnr: 914309506 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon. |
Webside | https://www.gulen.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Helsefagarbeider |
Sted | DALSØYRA (Adresse: Gulafjordvegen 1521 Postnr: 5960) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 09-02-2025 |