Miljørettleiar – Volda kommune, Avdeling skule

Health and social care Miljøarbeidere

(4 days ago)

  • VOLDA
  •  Post Date: 16. September 2024
  •  Expire date: 26. September 2024
Job Description

Published 16-09-2024
Deadline: 26-09-2024

 

Miljørettleiar

Frå 26.09.24 vil det verte ledig 100% stilling som miljørettleiar ved Bratteberg skule.

Arbeidsoppgåver

I samarbeid med lærarane og skuleleiinga støtte elevane i deira læringsarbeid. Det vil og vere målretta miljøarbeid knytt mot enkeltelevar/elevgrupper. I tråd med stillingsomtalen som gjeld miljørettleiarane i Voldaskulen er det slik vi ønskjer å beskrive arbeidsoppgåvene til miljørettleiarane:

* i samarbeid med rektor/kontaktlærar/lærar ha medansvar for eleven/elevgruppa sitt tilbod. I dette ligg det så langt som råd tid til planlegging av tiltak og aktivitetar for eleven/elevgruppa i tråd med læreplan og individuelle planar

* utføre aktivitetar saman med elev(ar) etter nærare oppsett plan og behov

* delta i omsorgsarbeid kring eleven

*  delta i rettleiing og samhandling med dei som har det samla ansvaret for eleven/gruppa si opplæring

* planlegge eige arbeid i samråd med kontaktlærar/spesialpedagog med utgangspunkt i individuell opplæringsplan

* bidra til godt samspel mellom elevar og vaksne

* det kan verte lagt arbeid knytt til SFO inn i stillinga til miljørettleiaren

I vår kommune har vi for tida særskild fokus retta mot elevar som har eit fråvær som uroar. I slike saker vil miljørettleiaren i samarbeid med lærarar og skuleleiing spele ei aktiv og viktig rolle.

Kvalifikasjonar

Som miljørettleiar legg ein til grunn godkjent 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning, som t.d barnevernspedagog/sosionom/vernepleiar.
Søkarar med anna, relevant erfaring kan og verte vurdert til stillinga. Vi legg vekt på personlege eigenskapar, jf punkta nedanfor.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:
– har evne til å bygge gode relasjonar

– har engasjement og hjarte for arbeid med barn og unge

– er ein vaksen som er trygg, omsorgsfull og er tydeleg

– har gode samarbeidsevner med kollegaer og føresette

– har gode evner til å arbeide i og utvikle gode system

– er fleksibel, har stor arbeidskapasitet og bidreg til fellesskapet

– er sjølvstendig i arbeidet

Vi tilbyr

Lønns -og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk.

God offentleg pensjonsordning i KLP.

Kontaktinformasjon

Anita Mari Brekke, rektor Bratteberg skule, 47865060, anita.brekke@voldaskulen.no

Arbeidsstad

Stormyra 2
6100 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune

Referansenr.: 4859053009
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.09.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Volda kommune, Avdeling skule orgnr: 980017524
Kort om arbeidsgiver

Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.

I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.

Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.

Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!

Webside http://www.volda.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted VOLDA (Adresse: Stormyra 2 Postnr: 6100)
Stillingstype Fast Heltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 26-09-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/ab9bd13f-1513-4b9f-b3de-b3257aebd031
IMPORTAPI