Miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO – Hjelle skule, Stad kommune
Education Barnehagelærer(1 week ago)
Job Description
Published 11-11-2024
Deadline: 01-12-2024
Miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO
Stad kommune har ledig ei fast 100 % stilling som miljørettleiar ved Hjelle skule og SFO frå 01.01.2025.
Hjelle skule er ein barneskule med 72 elevar, og det er 38 barn ved SFO. Skulen har eit godt og variert leikeområde ute, og gode inneareal til både arbeid og aktivitet. Skulen nyttar verktøyet PALS, og kollegiet arbeider jamt med å oppretthalde eit godt skulemiljø. Vi legg vekt på aktivitet i fellesskap, og elevane medverkar i arbeidet gjennom skulevenn-ordning og klasse-/elevrådsarbeid.
Som miljørettleiar hos oss vil du samarbeide med engasjerte lærarar, fagarbeidarar og assistentar. Du vil få oppgåver knytt til einskild elev og elevgrupper, og du vil møte situasjonar som utfordrar deg kreativt og fagleg. Vi vil ha eit miljø der både små og store kan lære og vekse på sin måte. I kollegiet deler vi erfaringar og kjem fram med idear og nye tankar. Vi set pris på ulikskap, og lærer av og med kvarandre. Om du ynskjer å arbeide i eit miljø prega av gjensidig tillit, omsorg og respekt er Hjelle skule staden for deg.
Meir informasjon om skulen finn du her.
Arbeidsoppgåver
- Støtte elev både fagleg og sosialt
- Bruke kommunikasjonsverktøy som støtte til tale
- Legge til rette for aktivitet og leik både i skule og SFO
- Samarbeide med lærar og spesialpedagog om opplæringa
- I Stad kommune jobbar vi etter BTI-modellen, betre tverrfagleg innsats. Du kan lese meir om den her. Det vert forventa at alle som
jobbar med gravide, barn, unge og foreldre, jobbar etter denne
samhandlingsmodellen.
Kvalifikasjonar
- Sosionom-utdanning eller anna relevant 3-årig høgskuleutdanning innanfor pedagogikk, psykisk helse eller sosialfag. Aktuell utdanning kan vere barnehagelærar, barnevernspedagog og vernepleiar.
- Vi ser etter deg som likar å jobbe med barn, har god relasjonskompetanse og evne til å skape trygge og føreseielege dagar.
- Erfaring frå arbeid i grunnskule og SFO er ein fordel.
Personlege eigenskapar
- Har vilje og evne til tett samarbeid omkring einskilde barn og barnegrupper
- Kan arbeide sjølvstendig, strukturert og systematisk
- Evner å vise omsorg, skape tryggleik og bygge gode relasjonar til barn og grupper
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Bidrar til eit stabilt og godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Godt lærings- og arbeidsmiljø
- Løn- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Høve til fagleg utvikling
Vi ber om at søkjarane lastar opp attestar og vitnemål saman med søknaden, samt oppgir referanse av ny dato.
Stad kommune har seks månader prøvetid. Den som blir tilsett, må leggje fram politiattest av nyare dato.
Vi gjer merksame på at etter § 25 i offentleglova kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjar oppmodar om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Oppmoding om unnatak må grunngjevast.
For meir informasjon om stillinga, kan du ta direkte kontakt med:
Hjelle skule v/rektor Anne Bakke, e-post: anne.langedal.bakke@stad.kommune.no, telefon: 99 61 05 67
Kontaktinformasjon
Anne Langedal Bakke, Rektor Hjelle skule, 996 10 567, anne.langedal.bakke@stad.kommune.no
Arbeidsstad
6774 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommune
Referansenr.: 4879551944
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Hjelle skule, Stad kommune orgnr: 975276872 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Stad kommune har om lag 9 600 innbyggjarar og ligg i Nordfjord i Vestland fylke. Kommunen vart oppretta 1. januar 2020 då kommunane Eid og Selje og bygdene Maurstad, Bryggja og Totland vart slått saman. Kommunen består av fleire livskraftige tettstader og strekkjer seg frå storhavet i vest til fjell- og fjordlandskap i aust. I kommunen finn du Vestkapp, surfemiljø i Hoddevika, Selja kloster, Harpefossen skisenter, vikingsenteret Sagastad, Malakoff rockfestival, Opera Nordfjord og Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet. Kommunen har ledige bustadtomter, gode kommunale tenester, eit variert næringsliv og innbyggjarar med initiativ og pågangsmot. Stad kommune har som overordna mål å bli fleire. Vi treng deg som ønskjer å flytte til kommunen vår, og vi treng deg som har budd ute ei stund og ønskjer å flytte heim. Vi ønskjer å utvikle eit livskraftig og trygt samfunn der vi alle dreg i lag. I Stad kommune vil du møte lokalsamfunn som skil seg ut. Kommunen er stor nok til å gje deg rom og la deg leve ut draumane dine, og liten nok til å sjå deg og ta vare på deg. Vi ønskjer deg med på laget! https://www.nordfjord.no/stad https://www.einstadistad.no/ |
Webside | http://www.stad.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehagelærer |
Sted | NORDFJORDEID (Adresse: Postnr: 6774) |
Stillingstype | Fast Heltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 01-12-2024 |