Miljørettleiar/fagarbeidar/elevassistent på Rogne skule – Øystre Slidre kommune
Education Primary School(5 days ago)
Job Description
Published 21-11-2024
Deadline: 08-12-2024
Miljørettleiar/fagarbeidar/elevassistent på Rogne skule
Rogne skule har ledig vikariat som miljørettleiar/fagarbeidar/elevassistent på Rogne skule i perioden 01.01.25-30.06.25.
Vi søkjer deg som har barnefagleg, pedagogisk eller helse-og sosialfagleg utdanning, og som er oppteken av å legge skulekvardagen godt til rette for enkeltelevar. Viss du er god til å skape relasjonar, varm og tålmodig, og kan stå støtt i grensene i møte med unge sine kjensleuttrykk, ynskjer vi deg på laget hos oss.
Stillinga følgjer i utgangspunktet skuleruta i 37,5 timar pr. veke. Dette inkluderer arbeid på SFO. Du kan få tilbod om andre arbeidsoppgåver i kommunen i skuleferiane dersom du ynskjer det. Stillingsprosent er i utgangspunktet 89% dersom du følgjer skuleruta i 37,5% stilling, men vil bli justert etter kva arbeidsoppgåver du går inn i.
Dersom du ynskjer å arbeide i deler av stillinga, oppfordrar vi deg også til å søke.
Arbeidsoppgåver
- Fagleg og sosial oppfølging av ein eller fleire enkeltelevar i skulen, gjennom samtaler og reguleringsstøtte
- Samarbeid med teamet på trinnet og eksterne faginstansar
- Arbeid på SFO inngår i stillinga dersom du ynskjer det
Kvalifikasjonar
- Relevant universitets-/høgskuleutdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, vernepleie eller anna relevant utdanning.
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar.
- Erfaring frå arbeid med barn og unge.
- Kunnskap om oppdragelse, undervisning, leik, læring og utvikling.
- Kunnskap om læring, tilrettelegging og forståing for teorien om toleransevindauget.
- Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa.
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringslova § 17-11
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som
- er varm, trygg og relasjonsorientert i møte med ungane.
- er tålmodig samtidig som du set krav på ein venleg og konsekvent måte.
- har gode samarbeidsevner både med elevar, foreldre og kollegaer.
- er positiv og løysingsorientert.
- som søker hjelp hos kollegaene dine når noko er vanskeleg.
- er nysgjerrig på å lære meir om å arbeide med barn og unge, eller vurderer om dette er noko du vil arbeide med på sikt.
Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag saman med eit triveleg og utviklingsorientert kollegium.
- Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Are Alund, Rektor Rogne skule, +47 99734175
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 4888257063
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.06.2025
Søknadsfrist: 08.12.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Øystre Slidre kommune orgnr: 979149948 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede! Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet. Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes. Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no. |
Webside | http://www.oystre-slidre.kommune.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Grunnskole |
Sted | HEGGENES (Adresse: Bygdinvegen 1989 Postnr: 2940) |
Stillingstype | Vikariat Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Høyere utdanning |
Tiltredelse | 01-01-2025 |
Søknadsfrist | 08-12-2024 |