Miljøarbeider/ Miljøveileder –  Bore ungdomsskule, Klepp kommune

Health and social care Miljøarbeidere

(21 hours ago)

  • KLEPPE
  •  Post Date: 23. September 2024
  •  Expire date: 13. October 2024
Job Description

Published 23-09-2024
Deadline: 13-10-2024

 

Miljøarbeider/ Miljøveileder

Bore ungdomsskule søker etter ein miljøarbeider/miljøveileder. 

Bore ungdomsskule er ein skule som ligg i Verdalen i Klepp kommune. Skuleåret 2024/2025 vil vi ha elevar fordelt på 8.-10.tr samt innføringsklasse. Skulen si leiing vil bestå av rektor og to avdelingsleiarar.
Dette skuleåret vert det spesielt fokus på arbeid kring Kleppmodellen, eit godt og trygt læringsmiljø og Oracy. 

Arbeidsoppgåver

– Oppfølging av elevar ein til ein, i grupper og i klasse.

– Arbeide i team med lærarar og fagarbeidarar på same trinn
– Aktivt bidra til å skape eit godt læringsmiljø
– Delta og engasjere seg i heile skulen sitt arbeid og utvikling

Stillingen følger skuleruta med fri i skulen sine feriar, med arbeidsdagar måndag til fredag. 

Kvalifikasjonar

 

Relevant høgskule og/eller universitetsutdanning. Me vil vurdera søkjarar med relevante fagbrev òg. Erfaring frå skula vil bli vektlagt. Krav om nivå B2 når det gjeld norsk. Tilfredstillande politiattest er ein forutsetnad for tilsetjing. Denne skal ikkje legjast ved søknaden, men leverast snarast etter tilbod om tilsetjing og før tiltredelse. 

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål i Pdf-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må vera godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attestar må vera oversett til eit skandinavisk språk eller engelsk. Me gjer oppmerksam på at dokumentasjon på mellom anna avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke òg kan gi utteljing på lønnsansienitet. 

Personlege eigenskapar

– Er ein tydeleg, men varm miljørettleiar som ser alle elevane
– Har evne til å skapa gode relasjonar både med elevar og kollegaer
– Har gode samarbeidsevner
– Er sjølvstendig, fleksibel og tek ansvar
– Har godt humør
– Personleg dugleik vil bli vektlagt

Vi tilbyr

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetjing skjer forresten på dei vilkåra og med dei pliktene som kjem fram av utlysing, og dei til kvar tid gjeldande lovene, reglement og tariffavtalar.
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk.

Kontaktinformasjon

Maria Dyrstad Khalili, Ass. rektor, +47 92485361

Arbeidsstad

Verdalsvegen 35
4351 Verdalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune

Referansenr.: 4863889902
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 13.10.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver  Bore ungdomsskule, Klepp kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.

Visjonen vår er «Med blikk for alle».  Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.

Webside http://www.klepp.kommune.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Miljøarbeidere
Sted KLEPPE (Adresse: Verdalsvegen 35 Postnr: 4351)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 13-10-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/adc8d9e6-a5e5-4728-a28b-dfc21c1ce4fd
IMPORTAPI