Miljøarbeidar – Rubbestadneset skule, Bømlo kommune
Health and social care Andre helseyrker(1 day ago)
Job Description
Published 06-11-2024
Deadline: 20-11-2024
Miljøarbeidar
Vil du bli ein del av vårt kollegium?
Rubbestadneset skule søkjer etter miljøarbeidar i fast 70% stilling frå 01.02.25. Me treng ein erstattar for ein av våre miljøarbeidarar. Hovuddelen av stillinga er knytt til SFO. Her vil du jobbe saman med fleire miljøarbeidarar for å lage gode og trygge dagar for barna på SFO.
Rubbestadneset skule har elevar frå 1.-7. klasse og SFO. Pr. i dag er det 173 elevar ved skulen og 68 elevar på SFO. Skulen ligg fint til med stort uteområde og nærleik til skogen. Me er 30 tilsette som jobbar godt i lag for å gje elevane våre gode skuledagar og eit godt SFO tilbod.
Arbeidsoppgåver
- Stillinga er i hovudsak knyt til tilrettelegging og oppfølging av barn på skulefritidsordninga før og/eller etter skuletid inne og ute.
- Sørgje for at elevane meistrar skulekvardagen og sfo tid, og utviklar seg fagleg og sosialt i samarbeid med kollegaer.
- Følgje elevar i ulike læringsaktivitetar i klassen, ein til ein og i mindre grupper.
- Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar.
Relevant arbeid med barn og unge.
Gode norsk kunnskapar munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar vert vektlag ved tilsetjing. Me søkjer etter ein medarbeidar med gode samarbeidsevner og som samstundes kan jobbe sjølvstendig. Det er viktig at ein har gode evner til å skape gode relasjonar med barn og har den tolmod ein treng i møte med barn. Me ser etter ein fagperson som kan omstille seg, stå i krevjande situasjonar og oppgåver i barna sin kvardag. Me ønskjer deg som er varm og omsorgsfull, og samstundes trygg og tydeleg.
- Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga.
Vi tilbyr
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk.
- Kjekke og travle dagar i lag med andre trygge vaksne og kjekke barn.
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmilj
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
- Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
Det må leggjast fram gyldig politiattest ved tilsetjing.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med (rektor Tone Baugstø eller inspektør Geir Holme)
Kontaktinformasjon
Tone Baugstø, 990 34 994
Arbeidsstad
Ramskleiva 49
5420 Rubbestadneset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bømlo kommune
Referansenr.: 4881727583
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 20.11.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Rubbestadneset skule, Bømlo kommune orgnr: 975281299 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Berekraftige Bømlo er vår visjon! Kommunen med sine 1000 tilsette, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar. Pensjon Forsikring |
Webside | http://www.bomlo.kommune.no/ |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | RUBBESTADNESET (Adresse: Ramskleiva 49 Postnr: 5420) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 03-02-2025 |
Søknadsfrist | 20-11-2024 |