Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 03-12-2024

 

Miljøarbeidar og Faglærarar (ringevikarar) Restaurant- og matfag

Sandsli vidaregåande skule har om lag 600 elevar og 70 tilsette. Skulen ligg sentralt i Ytrebygda bydel med god offentleg kommunikasjon. Programområda våre er studiespesialiserande, restaurant og matfag, samt sal, service og reiseliv. I tillegg har vi både innføringstilbod og vaksenopplæring. Innføringsklassane er eit tilbod til ungdom i alderen 16-18 år som er nykomne til Noreg. Sandsli vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Sandsli vgs er kjend for godt skulemiljø, og resultata i ulike undersøkingar viser høg trivsel blant elevane, og at svært mange elevar får ei god fagleg utvikling.

For meir informasjon om skulen sjå https://www.sandsli.vgs.no/ 

 

Arbeidsoppgåver

Sandsli vgs. har ledig 89% fast stilling som miljøarbeidar frå 01.01.2025. Stillinga inneber 37,5 t arbeidsveke, og følgjer skuleruta.

Arbeidsoppgåver: 

  • Oppfølging og støtte til elevar med behov for tilrettelegging
  • Tilrettelegging for eit trygt og inkluderande læringsmiljø
  • Saman med elevar og lærarar utføra oppgåver knytt til programområda skulen tilbyr
  • Samarbeide tett med kontaktlærarar, faglærarar og andre tilsette på skulen

I tillegg har skulen behov for ringevikarar i Restaurant- og matfag (Vg1 og Vg2)

Kvalifikasjonar

Miljøarbeidar:

  • Utdanning som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller anna relevant utdanning. Arbeidserfaring kan kompensera for manglande utdanning
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
  • Godkjent politiattest

For ringevikarar i Restaurant- og matdag er det ønskje om fagbrev i kokkfag.

Personlege eigenskapar

  • Trygg, tydeleg og inkluderande
  • god evne til å byggja relasjonar
  • Ansvarsbevisst og god på samarbeid
  • Fleksibel og meistrar godt å jobba i ein innhaldsrik og hektisk kvardag med varierte arbeidsoppgåver
  • Personlege eigenskapar blir vektlagde

Vi tilbyr

  • Ein spanande arbeidsplass med engasjerte kollegaer 
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein skule med gode fasilitetar
  • Samarbeid med næringsliv, andre skular, universitet og internasjonale aktørar
  • Gode velferds- og pensjonsordningar

Lønns- og arbeidsvilkår er fastsett i lov- og avtaleverk. Politiattest må leverast ved tilsetjing.

Kontaktinformasjon

Anne Helene Øpstebø, avdelingsleiar, 93662069
Bengt Håkon Lund, rektor, +47 40105611

Arbeidsstad

Sandslimarka 51
5254 Sandsli

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 4886850779
Stillingsprosent: 89%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver SAN – SANDSLI VGS, Vestland fylkeskommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.

Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg  søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort. 

Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.

Webside https://sandsli.vgs.no
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted SANDSLI (Adresse: Sandslimarka 51 Postnr: 5254)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Høyere utdanning
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 03-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/e773c682-feb5-4e5f-b5d7-a134dc1527ed
IMPORTAPI