Miljøarbeidar NAV Suldal – Suldal kommune NAV

Kontor og økonomi Kontor, forvaltning og saksbehandling

(1 week ago)

  • SAND
  •  Post Date: 31. October 2024
  •  Expire date: 17. November 2024
Job Description

Published 31-10-2024
Deadline: 17-11-2024

 

Miljøarbeidar NAV Suldal

Miljøarbeidar NAV Suldal, mellombels stilling

Brenn du for at alle skal få moglegheit til å bidra i arbeidslivet?  Trivest du med å finna gode løysingar i samhandling med menneske som er i ein krevjande situasjon? Då kan du væra den kollegaen me treng.

Ved NAV Suldal er me 7 engasjerte tilsette, som har det kjekt ilag og brenn for det me held på med. Vil du bli med på laget?

Storleik på stillinga:    100%

Stillingstype:                mellombels

Varigheit:                      01.01.24- 30.04.25

Storleik på stillinga:    50%

Stillingstype:                mellombels

Varigheit:                      01.05.25- 31.12.25

Arbeids- og ansvarsområde

  • oppsøkande kontakt mot arbeidsgjevar
  • opplæring i CV og jobbsøknad
  • Rettleiing mot arbeid og aktivitet
  • tett samarbeid med andre einingar
  • sakshandsaming av søknader knytt til Lov om sosiale tenester
  • NAV er i stadig utvikling og endring, andre arbeidsoppgåver kan bli aktuelle.

Ønske til kvalifikasjonar

  • 3 årig høgskule utdanning. Utdanning innan sosialt arbeid vil bli føretrekt.
  • God digital kompetanse, inkludert Office 365.
  • Erfaring frå liknande oppgåver i NAV kontor.
  • God kjennskap til lokalt arbeidsmarknad
  • Gode språkkunnskapar – norsk og engelsk, munnleg og skriftleg (B2)
  • Erfaring frå sakshandsaming og lovbruk

Personlege eigenskapar

  • Positiv og løysingsorientert, sjølv i krevjande situasjonar.
  • Evne til å mobilisera ressursar hos brukarar.
  • Gode kommunikasjons og samarbeidsevner.
  • Evne til å jobba målretta, effektivt og strukturert både individuelt og i team.
  • Lære- og endringsvillig
  • Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Hos oss får du

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø.
  • Engasjerte og dyktige kollegaer.
  • Gode moglegheiter til fagleg utvikling.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Bedriftshelseteneste.
  • Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. 

Andre opplysningar

  • Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju.
  • Originalvitnemål skal verta tatt med på intervju.
  • Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar.
  • Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa.
  • Kommunen følg offentlighetslova § 25.

Slik søkjer du

  • Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
  • Du kan søkja med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan å logge inn.
  • Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
  • Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.

 

Kontaktperson: leiar NAV Sauda/ Suldal, Anne Birkeland, telefon 92251603. Mail anne.birkeland@nav.no

NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste tenester innan arbeid og velferd.  

Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 tilsette.

Link til søknadsskjema: Søk her
 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Suldal kommune NAV orgnr: 993586048
Kort om arbeidsgiver NAV Suldal yt tenestar innan statleg- og kommunal velferdsforvaltning og arbeidar for å tilby best mogleg tenestar til innbyggjare, arbeidsgjevarar og samarbeidspartnerar i Suldal kommune. Kontoret har omlag sju medarbeiderar og held til i sentrale lokaler på Sand.

Skattkammeret Suldal er den geografisk største kommunen i Rogaland, med rundt 3 800 innbyggarar. Hjå oss er det god plass og ein fantastisk natur! I Suldal har me alt frå lune fjordar til vide fjellområde og høge toppar. Her ligg det til rette for eit aktivt friluftsliv både sommar og vinter. Me har gode lokalmiljø og koselege tettstader, og eit rikt og variert kulturliv. Eit innhaldsrikt og aktivt kulturhus ligg i kommunesenteret Sand. Her ligg og sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og ikkje minst Suldal Bad. Kraftkommunen Suldal har eit godt og allsidig tenestetilbod, med 436 tilsette. I Suldal kommune nyttar me nynorsk som målform.

Webside
Bransje Kontor og økonomi
Yrke Kontor, forvaltning og saksbehandling
Sted SAND (Adresse: Verven 1 Postnr: 4230)
Stillingstype Annet Heltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse Unknown
Søknadsfrist 17-11-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/bac1693f-74d5-4c0e-a97a-7190b6bcd732
IMPORTAPI