Job Description

Published 18-11-2024
Deadline: 02-12-2024

 

Miljøarbeidar/miljøterapeut – vikar –

I Bo og meistring har me ledig eit 62 % vikariat som miljøarbeidar/miljøterapeut, der 40 % av stillinga er sekretær- og funksjonsassistent for personal. Stillinga er i turnus med arbeid kvar fjerde helg. Stillinga er lokalisert til bufellesskapet Hågålia i Bø, som er ei teneste som yter bistand til menneske med psykiske lidelsar og/eller avhengighetsproblematikk. 

Vi har fokus på brukarmedverknad og å sjå den enkeltes ressursar for at ein skal meistre sin kvardag best mogleg. Vi er ei tilsettgruppe med ulik fagbakgrunn og har eit godt arbeidsmiljø prega av humor og stor takhøyde. 

Arbeidsoppgåver

  • Sekretærarbeid knytta til arbeid på PC: jobbe i Outlook, fagverktøy og nødvendige administrative oppgåver for tilsett
  • Køyreoppdrag
  • Faglig arbeid med planar
  • Møtevirksomhet
  • Brukerretta arbeid
  • Tverrfaglig samarbeid
  • Miljøarbeid
  • Helseoppfølging
  • Journalføring 

Kvalifikasjonar

Krav til kvalifikasjonar

  • Må ha gode kunnskapar i grunnleggende dataprogrammer

Ønska kompetanse

  • Gode samarbeidsevner
  • Erfaring frå arbeid med psykisk helse og rus
  • Relevant utdanning innanfor helse- og sosialfag 
  • Kjennskap til kommunens fag- og datasystemer
  • Gode norskferdigheiter munnleg og skriftleg 

Særskilde krav

  • Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling. 
  • Førarkort kl. B
  • Medisinkurs som gjennomføres ved oppstart

Personlege eigenskapar

  • God relasjonskompetanse
  • Gode kommunikasjonsferdigheiter, både munnleg og skriftleg 
  • Gode samarbeidsevner
  • Ansvarsbevisst og sjølvstendig
  • Positiv og fleksibel

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spanande og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt og inkluderende arbeidsmiljø
  • E-læringskurs for nytilsette i Midt-Telemark kommune
  • Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar

Kopi av vitnemål og attestar lastas opp som vedlegg i webcruiter.

Kontaktinformasjon

Beate Bjørkås, Avdelingsleiar, +47 97622292

Arbeidsstad

Gamleveg 80
3802 Bø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune

Referansenr.: 4885049166
Stillingsprosent: 62%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.09.2025
Søknadsfrist: 02.12.2024

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Hågålia botjeneste psykisk helse og rus, Midt-Telemark kommune orgnr:
Kort om arbeidsgiver

Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.

Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.

Webside https://midt-telemark.kommune.no/
Bransje Helse og sosial
Yrke Andre helseyrker
Sted BØ I TELEMARK (Adresse: Gamleveg 80 Postnr: 3802)
Stillingstype Vikariat Deltid Antall stillinger: 1
Sektor
Krav Unknown
Tiltredelse 01-01-2025
Søknadsfrist 02-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/4f4aa21b-8cd1-45ba-a1ad-8cf39c14380f
IMPORTAPI