Miljøarbeidar i heimetenestene i Vik kommune – Vik kommune heimetenester
Health and social care Andre helseyrker(2 weeks ago)
Job Description
Published 21-06-2024
Deadline: 20-07-2024
Miljøarbeidar i heimetenestene i Vik kommune
Me har ledig
Ca 85 % fast stilling som miljøarbeidar i heimeteneste, ledig frå snarast. Stillinga inngår i turnus, med arbeid kvar 3.helg. Langvakter på 12,5 timar både vekedagar og helg.
Kvalifikasjonskrav
Miljøarbeidar, helsefagarbeidar eller ufaglært med praksis/erfaring innan faget.
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som kan gjere kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane:
- Fagleg engasjert
- Fleksibilitet og godt humør vert vektlagt
- God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre
- Har evne til å integrere praktiske gjeremål i utforminga av tenestetilbodet
Vidare er det ein fordel om du har:
- førarkort
- gode norsk kunnskapar
Løns- og tilsetjingsvilkår
Lønn etter kommunalt avtaleverk. Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og tidlegare arbeidserfaring (vitnemål og attestar) blir lasta opp som vedlegg i søknadsportalen.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vik kommune heimetenester orgnr: 974554607 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vik kommune har omlag 2560 innbyggjarar. Hovudnæringane er landbruk og industri, i tillegg til reiseliv og andre tenesteytande næringar. Vik ligg ved innfallsporten til Stølsheimen landskapsvernområde og er ein av fire vertskommunar for Nærøyfjorden verdsarvområde. Kommunen er elles kjend for eit rikt organisasjonsliv med gode og varierte tenestetilbod. Tenestemålet er nynorsk. Vik kommune er ein stor arbeidsplass med omlag 270 årsverk fordelt på 330 tilsette og eit brutto driftsbudsjett på 330 mill.kr. |
Webside | https://www.vik.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | (Adresse: Postnr: ) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | Etter avtale |
Søknadsfrist | 20-07-2024 |