Miljøarbeidar – Avdeling Dalebu, Haram kommune
Health and social care Andre helseyrker(17 hours ago)
Job Description
Published 10-10-2024
Deadline: 27-10-2024
Miljøarbeidar
I kommunalområdet Livsløp har vi ledig 61,38 % fast stilling som miljøarbeidar i tenesteområdet psykisk helse og rus. Stillinga er for tida på natt ved Dalebu bustader og det er arbeid etter fastsett turnus med arbeidshelg kvar 3. helg.
Dalebu er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus, og tilbyr langtids- og kortidsopphald. Der er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også yt tenester til andre busett i omliggande område.
Psykisk helse og rus er eit satsingsområdet i Haram kommune og det skal vere tett samarbeid med andre aktuelle tenester. Utvikling av tilbodet kan bidra til endring av arbeidsoppgåver. Målsettinga for tenesta er å bidra til at personar i målgruppa opplever mestring i eige liv, utifrå sine føresetnader.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere utifrå behov, feks.:
- Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
- Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheter
- Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
- Samhandling med andre tenester og tilbod, internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i helsefag
- Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid innan psykisk helse/ rus er ønskeleg
- Kompetanse i bruk av dataverktøy er ein fordel
- Gyldig politiattest og førerkort
- God relasjonell kompetanse
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Tolmodig og omsorgsfull
- Fleksibel og evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Interesse for tverrfagleg samhandling
- God kapasitet
- Møter faglege utfordringar med ei løysingsorientert innstilling
- Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Utfordrande og spanande oppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- Eit tenesteområdet i utvikling
- Mulighet til å bidra i viktig endringsarbeid
- Mulighet for personleg og fagleg utvikling
- Løn etter avtale
- Pensjons- og forsikringsordning gjenno KLP
- IA-bedrift
Kontaktinformasjon
Anita Lianes, Avdelingsleiar, 92665490, anita.lianes@haram.kommune.no
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata 40
6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommune
Referansenr.: 4867848362
Stillingsprosent: 61,38%
Fast
Startdato: 01.11.2024
Søknadsfrist: 27.10.2024
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Avdeling Dalebu, Haram kommune orgnr: 974619172 |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes. |
Webside | http://www.haram.kommune.no |
Bransje | Helse og sosial |
Yrke | Andre helseyrker |
Sted | BRATTVÅG (Adresse: Strandgata 40 Postnr: 6270) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Unknown |
Tiltredelse | 01-11-2024 |
Søknadsfrist | 27-10-2024 |