Menighetspedagog / Barne- og ungdomsarbeider – 20 % fast stilling – Vang kyrkjeleg fellesråd
Education Barnehage- og skolefritidsassistenter(5 days ago)
Job Description
Published 18-12-2024
Deadline: 17-01-2025
Menighetspedagog / Barne- og ungdomsarbeider – 20 % fast stilling
Freistar det deg å overta og vidareutvikle ein god tradisjon som menighetspedagog for barn og unge, i fjellkommunen Vang? Me kan tilby kompetanse på fagfeltet, fleksibilitet i arbeidet og godt arbeidsmiljø. Du går inn i eit nært samarbeid med sokneprest og stab. Stillinga er ledig, så me ynskjer tilsetting så snart som mogleg.
Aktuelle arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av tiltak i tråd med den pedagogiske planen vår
- Samarbeid med sokneråd, stab og frivillige
- Publisering og markedsføring
- Ved ledig kapasitet avhjelpe med aktuelle oppgåver i arbeidsfellesskapet
Ynskja kvalifikasjonar
- Utdanning og/eller erfaring innanfor pedagogikk og kristendom
- Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Personlege eigenskapar
- Du har initiativ og gjennomføringskraft
- Du har evne og vilje både til å samarbeide og til å arbeide sjølvstendig
- Du har evne til å motivere, inkludere og se frivillige som en viktig ressurs
- Du er fleksibel i forhold til arbeidstid og arbeidsoppgåver
Særskilte krav:
- Du må beherske norsk munnleg og skriftleg, samt ha grunnleggande kunnskap om dataverktøy
- Du må være medlem av Den norske kyrkje og utføre tenesta i samsvar med Den norske kyrkjes ordningar, grunnverdiar og visjonar
- Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil
- I stillinga inngår kvelds- og helgearbeid
- Den som tilsetjast vil bli bedt om å legge fram godkjent politiattest, jamfør trossamfunnsloven §20, og politiregisterloven §39, første ledd
Me kan tilby
- Tilsetjing på vilkår av dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler
- Eit godt arbeidsfellesskap
- Løn etter KA’s tariffavtale
- Medlemskap i KLP pensjonsordning
- 6 månaders prøvetid
Spesielle vedtak
Teieplikt etter gjeldande reglar
Personleg eignaheit blir vektlagt
Spørsmål om stillinga kan rettast til:
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, mobil 902 42 171 eller sh466@kirken.no
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, mobil 911 58 656
Søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar sendast via webcruiter innan 17.januar 2025
Me ynskjer og å informere om at me samtidig lyser ut ei 80% stilling som kontormedarbeider ved kyrkjekontoret, dersom det skulle være aktuelt å søke den stillinga i tillegg, for å fylle stillingsgraden: https://8007.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4898593175?link_source_id=0
Vang kommune – ei flott kommune å bu i:
- Ei storstilt satsing på barn og unge!
- Ein kombinert barne – og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
- Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og frå august 2024 er månadsprisen per barn 1500 kr
- Helse og omsorgstenester av god kvalitet
- Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
- I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
- Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete, med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
- I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for ein kvar smak!
- Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg! Vang blir sagt å ha “vestlandsfjell med austlandsklima”, og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn.
I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock - I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
- Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du på nettsida; vangivaldres.no
- Meir info om arbeids – og bumarkedet i Valdres finn du på nettsida; valdres.no/velgvaldres
Kontaktinformasjon
Silje Hammerstad, Kyrkjeverje, +47 90242171
Kristin Bakke Lajord, Fellesrådsleiar, +47 91158656
Arbeidssted
Tyinvegen 5175
2975 VANG I VALDRES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Vang kyrkjeleg fellesråd
Referansenr.: 4898601462
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 17.01.2025
DIVERSE INFO
Arbeidsgiver | Vang kyrkjeleg fellesråd orgnr: |
---|---|
Kort om arbeidsgiver |
Vang høyrer til Valdres prosti i Hamar bispedømme. Vang er den vestlegaste av kommunane i Valdres, på grensa mot Sogn, og dermed midt mellom Oslo og Bergen. Me har ca. 1650 innbyggarar, med kulturskule, korps og kor, i tillegg til eit vidt spekter av anna frivillig arbeid. Kyrkja i Vang har 4 sokn; Heensåsen, Høre, Vang og Øye, med 6 kyrkjer – deriblant 2 stavkyrkjer og ei økumenisk fjellkyrkje. Staben består av sokneprest, kyrkjeverje, kontormedarbeidar, kyrkjegardsarbeidar, organist og menighetspedagog. I tillegg har me kyrkjetenarar, klokkarar og reinhaldarar tilknytta kyrkjene. |
Webside | http://www.kirken.no |
Bransje | Utdanning |
Yrke | Barnehage- og skolefritidsassistenter |
Sted | VANG I VALDRES (Adresse: Tyinvegen 5175 Postnr: 2975) |
Stillingstype | Fast Deltid Antall stillinger: 1 |
Sektor | Offentlig |
Krav | Norskkunnskaper |
Tiltredelse | Unknown |
Søknadsfrist | 17-01-2025 |