Job Description

Published 15-11-2024
Deadline: 01-12-2024

 

Menighetspedagog – 70 % fast stilling i Bore menighet

Klepp kyrkjelege fellesråd søker etter menighetspedagog, 70% fast stilling, i Bore menighet.

Bore menighet har ca 3 200 medlemmar og vert rekna som ein «tregenerasjonars-kyrkjelyd» Det er mange ungar og familiar, og trusopplæringsarbeidet er prioritert.

Hva vi ser etter

Kvalifikasjonar

· Relevant pedagogisk utdanning.

· Erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid.

· Gode samarbeidsevner.

· Kunne kommunisera godt på norsk, skriftleg og munnleg.

· Medlem av Den norske kyrkja.

Personlege eigenskapar

· Evne til å arbeide sjølvstendig, og samarbeide godt med frivillige og stab.

· God kommunikasjons- og formidlingsevne i møte med barn og unge.

· Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.

· Kjenne seg att i menigheten sin visjon; Sett, famna, utfordra.

· Det vil bli lagt vekt på at søkjaren er personleg eigna til stillinga.

Anna

· Søkjar må disponera bil.

· Den som vert tilsett må rekna med ei arbeidshelg i månaden, og ein del arbeid på ettermiddag og kveldstid.

· Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.

Arbeidsoppgaver

· Leie arbeidet med å planleggje og gjennomføre trusopplæringstiltak frå 0 – 12 år saman med frivillige og tilsette.

· Rekruttera, fylgja opp og inspirera frivillige.

· Ansvar for å vidareutvikle barne- og familiearbeidet i menigheten.

· Arbeide i samsvar med vedtak som er fatta i sokneråd og strategiplan.

· Babysang og barnekor

Vi tilbyr

· Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø.

· Løn etter gjeldande tariff

· Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP.

· Samarbeid med stab for kyrkjelydane i Klepp kyrkjelege fellesråd.

 

 

DIVERSE INFO

Arbeidsgiver Bore menighet orgnr: 977010268
Kort om arbeidsgiver

Bore menighet har kontorlokale i Kleppe sentrum, og kyrkje med kyrkjestove på Voll. Stillinga går inn i ein stabsfellesskap som pr. i dag består av sokneprest, menighetspedagog ungdom, organist, sekretær og dagleg leiar. Diakon er felles for alle kyrkjelydane i fellesrådet. Kontoret deler me med Klepp og Orre menighet, og ein har difor eit større fagleg nettverk tett på. Klepp kyrkjelege fellesråd er arbeidsgjevar.

Webside https://www.borekyrkje.no/
Bransje Kultur og kreative yrker
Yrke Religiøst arbeid
Sted KLEPPE (Adresse: Kleppevarden 2 Postnr: 4358)
Stillingstype Fast Deltid Antall stillinger: 1
Sektor Offentlig
Krav Unknown
Tiltredelse Etter avtale
Søknadsfrist 01-12-2024


Kilde: NAV stillingsannonser
https://arbeidsplassen.nav.no/stillinger/stilling/64d1a2ef-be69-4ed1-b0b2-9fdc555462bb
Stillingsregistrering